1. Demografi

Innvandring

Sterk auke i innvandringa

Innvandringa til fylket har dei siste åra gått mykje ned, men fekk ein sterk auke i 2022 då nettoinnvandringa var på 2 863 personar. Den sterke auken skuldast flyktningstraumen frå Ukraina. Vi må tilbake til åra rundt 2010 for å finne liknande innvandringstal. I 2021 var nettoinnvandringa så låg som 584 personar, ein stor kontrast til nettoinnvandringa til fylket i 2012 på 3 090 personar.

Innvandringa til fylket dei siste to tiåra har vore avgjerande for veksten i folketalet. Med fødselsunderskot i mange kommunar er det innvandringa som har gitt vekst i folketalet. I 2003 var innvandrarbefolkninga i Møre og Romsdal på 8 486 personar mot 39 214 personar ved inngangen til 2023. Dette representerer ein vekst på 30 728 personar eller 362,1 prosent dei siste 20 åra.

Innvandrarbefolkninga består av innvandrarar og barn født av foreldre med innvandrarbakgrunn. I takt med auken i talet på innvandrarar har talet på norskfødde barn av innvandrararar auka. I 2003 var det 803 norskfødde barn med innvandrarforeldre, noko som har auka til 5 262 i 2023. Det har med andre ord vore ein sterkt vekst i talet på innbyggarar med innvandringsbakgrunn. Med låge fødselstal og negativ innanlandsflytting peikar innvandring seg ut som den viktigaste faktoren framover for å oppretthalde folketalet i mange kommunar. God integrering i arbeidsliv og nærmiljø blir viktig for å behalde innvandrarane i vår region.

Den øvrige delen av befolkninga er redusert frå 233 147 personar i 2003 til 229 151 personar i 2023, ein nedgang på -3 896 personar. Ser vi heile befolkninga under eitt har det dei siste 20 åra vore ein vekst i folketalet. I 2003 var det 241 633 innbyggarar i fylket mot 268 365 innbyggarar 1. januar 2023. Det gir ein vekst i folketalet på 26 732 personar eller 11,1 prosent.  

Innvandrarbefolkninga utgjer ein større del av befolkninga

Stor innvandring til landet og fylket i 2022 har gitt ytterlegare vekst i innvandrarbefolkninga i mange kommunar. Innvandrarbefolkninga utgjer som følgje av dette ein større del av befolkninga både i Møre og Romsdal og i landet som heile.

Ser vi heile landet under eitt utgjer innvandrarbefolkning 19,9 prosent av landet si befolkning i 2023. I dei siste 10 åra frå 2013 til 2023 har innvandrarbefolkninga sin del av befolkninga auka frå 14,1 til 19,9 prosent, ei auke på 5,8 prosentpoeng. I Møre og Romsdal utgjer innvandrarbefolkninga 14,6 prosent av befolkninga, ei auke på 4,9 prosentpoeng sidan 2013.

Det er framleis ein liten overvekt av menn i innvandrarbefolkninga, men dette har jamna seg ut. I 2023 er det 19 869 menn og 19 340 kvinner i innvandrarbefolkninga i fylket. Ein viktig årsak til denne utjamninga mellom kjønna er at det har innvandra fleire kvinner enn menn frå Ukraina. Ved inngangen til 2023 var det i Noreg 13 771 menn og 24 286 kvinner med opphav frå Ukraina.

Lågast del innvandrarar i Surnadal

Det er stor variasjon kommunane imellom når det gjeld kor stor del innvandrarbefolkninga utgjer av befolkninga. I 2023 er 8,3 prosent av befolkninga i Surnadal kommune innvandrarar og deira barn, delen har auka med 2,2 prosentpoeng sidan 2018. Det er berre i kommunane Sande (22,0 prosent) og Stranda (22,7 prosent) at innvandrarbefolkninga utgjer ein større del av befolkning enn snittet for landet. I Hareid ligg delen akkurat på landsgjennomsnittet med 19,9 prosent av befolkninga.

Sterk auke i talet på ukrainarar i fylket

Det er framleis flest innvandrarar frå Polen og Litauen busett i Møre og Romsdal. I 2022 fekk vi ein sterk auke i talet ukrainarar i fylket. Det var 1. januar 2022 berre busett 377 ukrainarar i fylket, eitt år seinare har dette auka til 2 432. Talet polakkar har auka med 102 personar i løpet av 2022 til 6 601 personar.

Forrige tema:
Neste tema: