1. Demografi

Folketalsutvikling

Vekst i folketalet

Folketalet i Møre og Romsdal vaks i 2022 meir enn på mange år. Ved inngangen til 2023 var det 268 365 innbyggarar i fylket, ein vekst på 2 517 personar eller 0,9 prosent. Til samanlikning auka folketalet frå 2021 til 2022 med 304 personar. Hovudårsaka til veksten i folketalet er den store flyktningstraumen frå Ukraina. Russland sin invasjon i Ukraina har ført til at mange innbyggarar har rømt ut av krigssona til andre land i Europa. Kommunane i Møre og Romsdal har lagt ned eit omfattande arbeid for å busette så mange som mogleg av flyktningane frå Ukraina.

Folketalet dei siste 10 åra frå 2013-2023 har stige med 4,4 prosent i fylket, veksten i landet som heile har i same periode vore på 8,7 prosent. Veksten i folketalet er med andre ord svakare i Møre og Romsdal enn gjennomsnittet for landet. Folketalet i fylket har vakse med 11 390 personar dei siste 10 åra.  

23 kommunar med vekst i folketalet

Heile 23 av kommunane i fylket hadde i 2022 vekst i folketalet. Det er berre kommunane Vanylven, Stranda og Aure som ikkje kunne vise til folkevekst førre år. Prosentvis var det Aukra som hadde sterkast vekst i folketalet med 3,9 prosent, følgt av Ulstein med ein vekst på 2,8 prosent. Av dei tre største byane var det Molde som hadde sterkast vekst med 1,4 prosent auke i folketalet. I Kristiansund og Ålesund var den prosentvise veksten i folketalet 0,6 prosent. For Molde sin del betyr det ein vekst i folketalet i 2022 på 444 personar, mens veksten i Ålesund og Kristiansund var på 406 og 146 personar.

Kor mange flyktningar kommunane har hatt moglegheit til å busette har i stor grad vore avgjerande for kor sterk vekst den enkelte kommune har hatt i folketalet.

Befolkningssamansettinga er i endring

Låge fødselstal, særleg det siste tiåret, er med på å forsterke endringane i befolkningssamansettinga. Dei store fødselskulla etter 2. verdskrig og utover 50-talet har blitt pensjonistar og vil innan få år passere 80 år.

Fjord og Vanylven er dei kommunane der delen innbyggarar over 80 år er høgast med 8,4 og 7,6 prosent av befolkninga. For fylket som heile utgjer innbyggarane over 80 år 5,2 prosent av befolkninga. Det er i kommunane Giske og Sula at barn i aldersgruppa 0-5 år utgjer størst del av befolkninga. I Giske er 7,7 prosent i denne aldersgruppa, mens det i Sula er 7,2 prosent av befolkninga som er i aldersgruppa 0-5 år.

Fleire døde enn fødde i Møre og Romsdal i 2022

Det er fleire forhold som påverkar utviklinga i folketalet. Over mange år har Møre og Romsdal hatt underskot i den innanlandske flyttinga. Det vil seie at det er fleire som flyttar ut av fylket til andre kommunar i Noreg enn det er personar som flyttar til. Den innanlandske nettoflyttinga låg fleire år rundt -1000 personar, men gjekk ned til -661 og -631 personar i 2020 og 2021. I 2022 var det innanlandske flytteunderskotet historisk lågt, berre -221 personar i flyttetap. Dette er eit kunstig lågt tal og er prega av det store talet flyktningar som har kome til landet.

Nettoinnvandringa var på 2 864 personar i 2022, vi må tilbake til 2012 for å finne høgare innvandringstal. Til samanlikning utgjorde nettoinnvandringa 584 personar i 2021. Dei mange ukrainarane som har kome til landet er hovudårsaka til den store auken i innvandringa.

Fødselsoverskotet er òg med å påverke utviklinga i folketalet. Møre og Romsdal har dei siste åra hatt låge fødselsoverskot, til dømes var fødselsoverskotet i 2020 og 2021 på 263 og 339 personar. 2022 var det første året i moderne tid at Møre og Romsdal hadde eit fødselsunderskot, høg dødelegheit og få fødslar er årsaka til dette. Fødselsunderskotet utgjorde -115 personar i 2022.

Forrige tema:
Neste tema: