7. Kultur

Kulturbruk

Folk i Møre og Romsdal brukar kulturtilbod i mindre grad enn elles i landet

Funn frå ei befolkningsundersøking utført i 2022 av Norsk Publikumsutvikling, viser kulturinteressa og kulturbruk i Noreg. Det er kartlagt preferansar og besøksfrekvens for 18 typar kulturtilbod. Jamt over er innbyggarane i Møre og Romsdal mindre interessert i kulturtilbod enn landet elles. Nasjonalt og i fylket får film/kino, konsertar og litteratur størst tilslutnad, medan ballett, opera og dans vert mindre besøkt.

…men på historiske spel skil vi oss ut med større interesse og bruk

28 prosent av dei tilfeldig spurde innbyggarane i fylket svarar at dei er interesserte i historiske spel, og 22 prosent svarar at dei går på eit spel minst ein gong per år. Tilsvarande interesse nasjonalt er 15 prosent, medan 12 prosent besøker eit spel. Her er det stor variasjon mellom fylka, med 8 prosent i Agder, 23 prosent i Trøndelag og 21 prosent i Vestland.

Vi oppsøker svært sjeldan nasjonale kulturdestinasjonar

Det er undersøkt om store kulturdestinasjonar i hovudstaden med nasjonale og internasjonale gjestestraumar får publikumsbesøk frå andre deler av landet. Innbyggarane i Møre og Romsdal reiser i svært liten grad til større nasjonale arenaer i Oslo. Av dei spurde har for eksempel 66 prosent aldri besøkt Det Norske Teatret.

…men digital kultur er meir attraktivt

Samstundes melder mange i fylket om ei generell interesse for å oppleve konsertar, litteratur, omvisingar og framsyningar heimanfrå via skjerm. Av desse kulturuttrykka er det 47 prosent av dei spurde som ønsker å sjå konsertar, medan 18 prosent ville valt opera, dans og teater.

Kva avgjer valet om eit besøk på kulturarrangement?

Programmet blir trekt fram som den viktigaste faktoren når ein vel å besøke eit kulturarrangement. 80 prosent svarar dette. Både tidspunkt (55 prosent) og det å ha nokon å gå med (30 prosent) er også viktig.

Dei fleste vil gå saman med nokon

Berre 13 prosent av dei spurde går som oftast aleine når dei skal besøke eit kulturtilbod. Dei fleste ønsker å gå i lag med nokon dei kjenner, som vener og familie. Respondentane fekk lagt fram 12 alternativ, og dei i nære relasjonar var føretrekte som følgje på eit kulturbesøk.

Forrige tema:
Neste tema: