8. Utdanning og kompetanse

Høgare utdanning / Utdanningsnivå

Færre studentar ved høgskulane i fylket i 2022

Etter fleire år med auke i talet på studentar ved høgskolane i fylket, snudde trenden i 2022. I 2021 var det 10 268 studentar ved høgskolane i fylket mot 9 987 i 2022, ein nedgang på 281 studentar eller 2,7 prosent. Ser vi utviklinga over dei siste åra har veksten i talet på studentar vore stor. I 2017 var det 8 520 studentar i fylket, noko som har auka med 1 467 studentar i perioden 2017-2022.

Høgskolen i Molde hadde ein nedgang på -94 studentar frå 2021 til 2022. I 2022 var 2 753 studentar ved Høgskolen i Molde. Same utvikling var det ved Høgskulen i Volda som fekk redusert talet på studentar frå 4 310 studentar i 2021 til 4 067 i 2022.

Høgskolen i Ålesund hadde ein vekst på 32 studentar frå 2021 til 2022, noko som gir eit studenttal på 2 544 i 2022. Høgskoletilbodet i Kristiansund hadde 623 studentar i 2022, ein auke på 24 studentar eller 4 prosent frå 2021.

Ved Høgskulesenteret i Kristiansund har studietilbodet vorte utvida dei seinare åra. Høgskolen i Molde er den største aktøren og har dei fleste tilboda. I tillegg til Høgskolen i Molde har Dronning Maud og Høgskulen i Volda tilbod i Kristiansund. Tilboda til Høgskolen i Volda er nye frå hausten 2023. Då startar dei opp to tilbod i praktisk pedagogikk for studentar som vil kvalifisere seg til læraryrket. Begge tilboda er samlingsbaserte studie over to år som kan kombinerast med jobb. Det eine tilbodet rettar seg mot fagutdanna som ønskjer å undervise på yrkesfaglege utdanningsprogram i vidaregåande opplæring. Med nye tilbod på plass, er det grunnlag for ytterlegare vekst i talet på studentar i Kristiansund.

Både privat og offentleg sektor i fylket vil i åra som kjem ha behov for arbeidskraft for å erstatte tilsette som går av med pensjon. Vi veit at talet på personar i yrkesaktiv alder dei neste tiåra blir sterkt redusert. I lys av dette er studentane ved høgskolane i fylket ein ressurs som er viktig å behalde i regionen. Les meir om kompetansebehov i kunnskapsgrunnlaget til ny Fylkesstrategi for kompetanse.

Fleire har høgare utdanning

I 2022 hadde 36,9 prosent av befolkninga i landet over 16 år høgare utdanning. Det er framleis flest kvinner som har høgare utdanning, 41,7 prosent av kvinnene i Noreg hadde utdanning frå høgskole eller universitet.

Det er Nordland og Møre og Romsdal som har lågast del av befolkninga med høgare utdanning. I 2022 var det i Nordland 29,3 prosent av befolkninga som hadde høgare utdanning, i Møre og Romsdal var andelen 30,9 prosent. I Nordland hadde 35,1 prosent av kvinnene og 23,6 prosent av mennene høgare utdanning. For Møre og Romsdal var ikkje situasjonen så ulik, der 37,1 prosent av kvinnene og 24,9 prosent av mennene hadde høgare utdanning.

I Oslo er utdanningsnivået høgast, der hadde 55,1 prosent av befolkninga høgare utdanning i 2022. Av kvinnene busett i Oslo var det heile 58,3 prosent som hadde høgare utdanning. Vestland fylke er det fylket forutan Oslo der flest kvinner har høgare utdanning, i 2022 var andelen 42,2 prosent.

- ei historisk stor endring

Delen av befolkninga som tek høgare utdanning har auka mykje dei siste tiåra. Ser ein heile perioden etter 2. verdskrig har det vore ein formidabel utvikling i utdanningsnivået, mange vil nok kalle det ein utdanningsrevolusjon. Dette skjer sjølvsagt i tråd med endringa og behovet i arbeidslivet.

I 1982 hadde 9,1 prosent av befolkninga i fylket høgare utdanning. Dette fordelte seg på 7,7 prosent som hadde kort høgare utdanning (under 4 år) og 1,4 prosent med lang høgare utdanning. I 2022 var det 30,9 prosent av befolkninga i Møre og Romsdal som hadde høgare utdanning. Delen av befolkninga med kort høgare utdanning har auka til 23,9 prosent og delen som har lang høgare utdanning har no kome opp i 7,0 prosent.

Forrige tema:
Neste tema: