17. Likestilling og demokrati

Likestilling mellom kjønn

Deltidsarbeid hos kvinner går ned

I desember kvart år publiserer Statistisk sentralbyrå sin likestillingsindeks. Indikatorane er basert på tilgjengeleg registerstatistikk på kommunenivå. SSB reknar ut ein skår som går frå 0 til 1. Jo nærare skåren er til verdien 1, jo høgare er graden av målt likestilling.

Møre og Romsdal er blant fylka som kjem dårlegast ut på indikatorane for kjønnslikestilling. I 2022 (tala er frå 2021) skårar vi lågare enn landsgjennomsnittet på 10 av 12 indikatorar. To regionar i Noreg peiker seg ut som meir likestilt på mange område. Det gjeld det sentrale Austlandsområdet og Nord-Noreg. Sør- og Vestlandet har i stor grad hatt lågare skår på mange av likestillingsindikatorane. SSB forklarar dette med forhold knytt til næringsstrukturar, arbeidsmarknadane og ulike tradisjonar og sosiale normer.

Den indikatoren som Møre og Romsdal kjem svakast ut på samanlikna med landsgjennomsnittet, er kjønnsbalansen i offentleg sektor. 74,9 prosent av dei tilsette i offentleg sektor i Møre og Romsdal er kvinner, landsgjennomsnittet er 70,1 prosent. Både i fylket og landet er kjønnsfordelinga i offentleg sektor vore omtrent uendra dei siste ti åra.

Forskjellen mellom kvinner og menns deltidsarbeid er den indikatoren i likestillingsindeksen der skåren er lågast, både for landet og Møre og Romsdal. 41,6 prosent av kvinnene arbeidde deltid i Møre og Romsdal i 2021. Det var ei omlegging i sysselsettingsstatistikken til SSB i 2014, slik at tall frå og med 2015 ikkje kan samanliknast med tidlegare år. Frå 2015 har delen kvinner som arbeider deltid gått ned med 8,7 prosentpoeng i Møre og Romsdal og 6,5 prosentpoeng nasjonalt. Møre og Romsdal har framleis klart høgare del kvinner som arbeider deltid enn landsgjennomsnittet, som i 2021 var 36,6 prosent. Delen menn som arbeider deltid har endra seg lite både i fylket og landet.

Det er stor forskjell mellom kommunane i fylket når det gjeld delen kvinner som arbeider deltid. Lågast er delen i Stranda med 35,6 prosent og Molde med 36,3 prosent. Høgast er delen i Vanylven med 59,0 prosent.

Deltid blant kvinner har frå 2020 til 2021 gått ned i 20 av 26 kommunar i Møre og Romsdal. Størst reduksjon var det i Sunndal, Sykkylven og Fjord. Motsett hadde Gjemnes dette året ein auke i delen deltid blant kvinner på 1,3 prosentpoeng.

Forrige tema:
Neste tema: