4. Sysselsetting og næringsliv

Fylkesfordelt næring

Kraftig nedgang i offentleg administrasjon i fylket

Dei fleste fylka hadde ein vekst i sysselsettinga frå 4. kvartal 2021 til 4. kvartal 2022, og dei fleste hadde ein vekst om lag som den nasjonale, som var på 2,0 prosent. Nokre fylke, deriblant Møre og Romsdal, hadde ein vekst som var ganske mykje lågare. Svakast vekst hadde Nordland med 0,4 prosent, Innlandet med 0,5 prosent, Troms og Finnmark med 0,7 prosent, Vestfold og Telemark med 1,0 prosent og Møre og Romsdal med 1,1 prosent. Med unntak av Oslo hadde dei andre fylka ein vekst som låg relativt nært landsgjennomsnittet. Oslo skil seg ut med ein vekst som over dobbelt så høg som den nasjonale, med 4,1 prosent.

I tal sysselsette var veksten i Oslo på 42 335 sysselsette, det utgjer om lag 31 prosent av den nasjonale veksten. Relativt sett var veksten i sysselsettinga i Møre og Romsdal femte svakast, men i tal sysselsette var den fjerde svakast, da veksten i Vestfold og Telemark var høgare i tal sysselsette sjølv om den prosentvis var svakare, grunna eit langt høgare tal sysselsette i fylket.

Nedgangen i tal sysselsette i offentleg administrasjon, forsvar og sosialforsikring i Møre og Romsdal er den største nedgangen i ei næring i alle fylkeskommunane. Nedgang var på 3,7 prosent, det er nesten dobbelt så høgt som nedgangen innan personleg tenesteyting i Innlandet og innan undervisning i Nordland, som begge sakk med 1,9 prosent. Desse tre endringane var dei med størst nedgang frå 4. kvartal 2021 til 4. kvartal 2022. Sysselsettinga innan offentleg administrasjon, forsvar og sosialforsikring var den næringa som hadde svakast vekst på landsbasis, med 0,2 prosent.

Sterkast vekst var det innan personleg tenesteyting (3,2 prosent) og sørvisnæringar (3,0 prosent) for landet sett under eitt. Veksten i Oslo innan personleg tenesteyting var på 6,2 prosent og innan sørvisnæringar var den 5,5 prosent. Desse endringane, samt veksten i personleg tenesteyting i Vestland på 4,5 prosent, var topp tre vekst i næringar i fylka.

Forrige tema:
Neste tema: