4. Sysselsetting og næringsliv

Sysselsette etter sektor

Om lag ein tredel sysselsett i offentleg sektor

Offentlege arbeidsplassar utgjer i alle kommunar i fylket ein stor del av alle arbeidsplassane som er tilgjengelege. Det er i Volda at størst del av alle sysselsette arbeider i offentleg sektor med 46,9 prosent. Med både sjukehus, høgskole, og ein vidaregåande skole i tillegg til kommunale arbeidsplassar så er ikkje det så unaturleg. Delen offentleg sysselsette i fylket er 32,1 prosent, til samanlikning er det nasjonalt 31,3 prosent som er tilsett i offentleg sektor i 4. kvartal 2022.

Offentleg eigde føretak er føretak som er kontrollert av det offentlege. Dette kan vere statens forretningsdrift der den norske stat kontrollerer meir enn 50 prosent av aksjane, eit døme på dette kan vere Equinor. I denne kategorien ligg òg små selskap som er eigd av ein eller fleire kommunar. Det er innan sekundærnæringa og sørvisnæringa vi finn flest  sysselsette i offentleg eigde føretak, med 2 719 og 1 935 personar i 4. kvartal 2022.

Relativt få statlege arbeidsplassar i fylket

Det er berre Rogaland som har ein lågare del statlege arbeidsplassar enn Møre og Romsdal. I Rogaland er 7,6 prosent av alle arbeidsplassar statlege mot 8,5 prosent i Møre og Romsdal. Det er Troms og Finnmark og Oslo som har høgast del statlege arbeidsplassar med 17,8 prosent 15 prosent. Det har dei seinare åra vore arbeidd for å få fleire statlege arbeidsplassar til fylket. Det kunne vore med og utvida arbeidsmarknaden i fylket og gjere den meir variert. Mange statlege arbeidsplassar er kompetansearbeidsplassar som krev høgare utdanning. Breidde i arbeidsmarknaden er viktig for å få fleire til å busette seg i fylket.

Forrige tema:
Neste tema: