7. Kultur

Folkehelse

8,5 prosent av barn og unge i fylket veks opp i relativ fattigdom

Delen barn og unge i familiar med vedvarande låg inntekt har auka i Møre og Romsdal det siste tiåret. I perioden 2011-2013 levde 6,0 prosent av barn og unge i fylket i familiar med svak økonomi. Dette auka gradvis til 9,3 prosent i perioden 2017-2019. For perioden 2019-2021 er det ein liten reduksjon, og delen barn i familiar med vedvarande låginntekt ligg no på 8,5 prosent i Møre og Romsdal, mot 11,3 prosent i landet.

Ei forklaring på auken i delen barn i familiar med vedvarande låginntekt er auken i innvandrarbefolkninga dei siste åra, mellom anna frå Syria. Andre forklaringar er foreldre utanfor arbeidslivet og åleineforsørgarar.

Kristiansund, Sunndal og Hareid er dei tre kommune med høgast del barn i alderen 0-17 år som bur i familiar med vedvarande låg inntekt. Vanylven, Smøla og Sula har lågast del.

Auken i del barn og unge som bur i familiar med vedvarande låginntekt kan medføre ein risiko for å hamne utanfor viktige arenaer og aktivitetar som kostar pengar. Auken i lånerenter og matevareprisar – dyrtida – får no ringverknadar på bustadmarknaden. Fleire kan oppleve dårleg råd og må bu trongare for å få endane til og møtast. Bukvalitet har stor betydning for helsa, og for barn og unge kan ein vanskeleg busituasjon påverke skoleprestasjonar og det sosiale livet.

Auke i del innbyggarar som har låg tilfredsheit med livet

Våren 2022 gjennomførte Statistisk sentralbyrå (SSB) ei nasjonal undersøking om livskvalitet, der det er mogleg å få pålitelege tal for fylka (ikkje kommunalt nivå). På fleire parameter ser ein tydelege sosiale skilnadar i livskvaliteten i fylket og landet.

I Møre og Romsdal er det ein tydeleg auke frå 2020 til 2022 i delen personar som har låg tilfredsheit i livet samla sett, frå 22,1 prosent til 29,2 prosent. Vi ligg litt høgare enn landet, som har eit gjennomsnitt på 28,4 prosent. Vestfold og Telemark, Innlandet og Møre og Romsdal er dei tre fylka med størst del personar som har låg tilfredsheit til livet. Alle 11 fylka har ein auke frå 2020 til 2022, noko som kan vere eit resultat av koronapandemien. Møre og Romsdal er fylket med høgast del som har lite tilfredsheit med sin økonomiske situasjon, med 37,5 prosent. Meir informasjon om Livskvalitet-undersøkinga finn de på SSB sine nettsider.

Tal frå folkehelseundersøkinga gjennomført i Møre og Romdal i 2021 syner klar forskjell i kor nøgd ein er med livet fordelt på utdanningsnivå. Dei med låg utdanning er mindre nøgd med livet enn dei med høgare utdanning. Der er ingen klare skilnadar mellom regionane i fylket, men Møre og Romsdal kjem litt svakare ut enn dei andre fylka som har gjennomført folkehelseundersøkinga. Undersøkinga vart gjennomført under koronapandemien, noko som kan vere ein svakheit i datamaterialet. Skilnadane ville kanskje ikkje vore like store om undersøkinga vart gjennomført på eit anna tidspunkt. På nasjonalt nivå ser ein klare skilnadar mellom utdanningsnivå og kor tilfreds ein er til livet. Auken i del som har låg tilfredsheit med livet, med fysisk helse, psykisk helse, fritid til rådigheit og økonomi finn vi likevel i alle utdanningsgrupper.

Stor auke i demens i Møre og Romsdal

Delen personar med demens i fylket var i 2020 på 2,19 prosent, mot 1,88 prosent i landet. Ei årsak til ein høgare del demens i Møre og Romsdal enn landet, er at befolkninga er eldre enn snittet for landet. Fylket har tredje høgast del med demens etter Innlandet og Nordland. I alderen 30-69 år er det 214 personar som har demens, høvesvis 96 menn og 118 kvinner. Frå 70 år og eldre er det 5 587 personar med demens i fylket. Førekomsten er høgast blant kvinner med 3 329 personar, mot 2 258 menn.

Kommunane med høgast førekomst av demens er Stranda med 3,01 prosent og Vanylven med 3,30 prosent. Ulstein og Giske har lågast førekomst, med 1,77 prosent og 1,83 prosent. Demenskartet spår at det innan 2040 vil vere ein auke på over 70 prosent når det gjeld førekomsten av demens i befolkninga i Møre og Romsdal. Dette skuldast ei aldrande befolkning og at risikoen for å utvikle demens aukar med alder, i tillegg til at personar med demens lever lenger med sjukdomen no enn tidlegare.

Over 100 000 lev med demens i Noreg i dag og ein ser samanhengar mellom livsstil og utviklinga av demens. Høgt blodtrykk, høgt alkoholforbruk, fedme og diabetes type 2 er nokre av dei helsefaktorane som aukar risikoen for å få demens. Demens som dødsårsak indikerer førekomsten av demens i befolkninga. Tala er noko usikre ettersom det særleg er eldre som vert ramma av demens og dei har ofte andre sjukdomar. For landet er det ei jamn auke i talet som dør av demens dei ti siste åra, medan Møre og Romsdal har ligge under landsgjennomsnittet, før ei brå auke i både 2015 og 2021. Møre og Romsdal har i 2020 det fjerde høgaste talet per 100 000 som har døydd av demens, etter Agder, Innlandet og Vestfold og Telemark.

Fleire brukarar av legemiddel knytt til diabetes type 2

Dei siste åra har det vore ein auke i bruken av legemiddel til behandling av diabetes type 2 blant personar i alderen 30–74 år. I 2021 fekk 51 per 1 000 innbyggar henta ut slikt legemiddel, mot 40 i 2020. Møre og Romsdal ligg i midtsjiktet, noko høgare enn landet som heilheit og ligg likt med Troms og Finnmark. Oslo, Viken og Innlandet har høgare førekomst enn Møre og Romsdal. Det er jamt over fleire menn enn kvinner som brukar legemiddel for å behandle type 2-diabetes, men det er ein auke hos begge kjønn.

Kommunane med høgast tal brukarar av legemiddel knytt til behandling av diabetes type 2 er Smøla, Hareid, Surnadal og Kristiansund. Kommunane Volda, Molde og Fjord har lågast tal brukarar.

Frå perioden 2014-2016 til 2020-2022 har kvinner med overvekt og fedme ved første svangerskapskontroll auka frå 36 prosent til 42 prosent, og desse har auka risiko for å utvikle svangerskapsdiabetes. Dette kan vere noko av forklaringa på kvifor det har blitt fleire brukarar av legemiddel knytt til å behandle diabetes type 2, samtidig kan det òg vere knytt til koronapandemien.

Befolkninga sit for mykje i ro

Folkehelseundersøking i Møre og Romsdal frå 2021 viste at vaksne sitt i gjennomsnitt 6,8 timar i dagleg. Menn sitt jamt over meir i ro enn kvinner, og det er aldersgruppa 18-29 år som sitt mest i ro. Fylket ligg på nivå med Nordland, lågare enn Rogland, og høgare enn Agder og Troms og Finnmark.

Det er anbefalt at personar som sit i ro 8-10 timar om dagen å vere i moderat dagleg aktivitet i 45 minutt, eller 20 minutt trening med høg intensitet. Ei europeisk undersøking syner at dei som dagleg er i moderat aktivitet i 60–75 minutt, ikkje har auka risiko for sjukdom eller tidleg død, sjølv om dei satt stille heile arbeidsdagen.

Forrige tema:
Neste tema: