7. Kultur

Kulturminne

Fleire saker, men færre arkeologiske registreringar og dispensasjonar

Heilt sidan 1990 har fylkeskommunen hatt ansvaret for å vurdere alle planar og byggetiltak i høve til kulturminnelova, og for eventuelt å stille krav om arkeologisk registrering. Med regionreforma i 2020 overtok fylkeskommunen også myndet til å fatte vedtak om dispensasjon etter kulturminnelova i dei fleste saker. Med det kunne fylkeskommunen gi løyve til små og store utbyggingstiltak som kjem i konflikt med arkeologiske kulturminne.

Frå ein moderat auke i talet på innkomne sakar perioden 2015-2019, med om lag 1 200-1 300 saker kvart år, ser vi eit klart hopp til over 1 600 sakar i 2020. Denne auken omfattar både offentlege og private saker, frå store kommuneplanar til mindre, private byggetiltak. Det kan vere fleire årsaker til dette. Kommunane kan ha venta med nye planar til etter kommunereforma, men samtidig kan også Covid-19 ha bidratt til ein auke i talet på private utbyggingstiltak. Talet på sakar har likevel heldt seg stabilt høgt.

Trass i auken i saker, har det vore ein klar nedgang i talet på arkeologiske registreringar og dispensasjonar. Desse to tala heng ofte saman, gjerne med litt forskyving i tid, då dispensasjonane ofte kjem som følge av funn av automatisk freda kulturminne under dei arkeologiske registreringane.

I fylkesplanen for Møre og Romsdal er det eit uttalt mål om å halde tapet av kulturminne til eit nivå under 0,4 prosent, men vi ser heller ikkje nokon auke i talet på avslag som skulle tyde på at diskrepansen skuldast strengare handsaming. Nedgangen i dispensasjonar skuldast nok i første rekke det reduserte talet på registreringar, men den låge delen med funn tyder heller ikkje på at nivået for å stille krav er blitt for høgt.

Forrige tema:
Neste tema: