4. Sysselsetting og næringsliv

Landbruk

Jordvernmål nyttar

Møre og Romsdal har nådd jordvernmålet 5 år på rad. I Landbruksmelding for Møre og Romsdal 2017-2021 vedtok fylkestinget sitt første regionale jordvernmål på 200 dekar. Det har gitt resultat, i åra etter 2017 har langt færre dekar dyrkamark blitt omdisponert til andre føremål.

Nytt og skjerpa regionalt jordvernmål vart fatta i 2022 gjennom Fylkesstrategi for landbruk 2023-2026. No er målet maksimal omdisponering av 100 dekar dyrkamark årleg.

Bustadar er hovudårsaka til tap av dyrkamark i Møre og Romsdal. I perioden 2015-2022 har 44 prosent av den omdisponerte matjorda blitt brukt til bustadføremål. Mange kommunar har sett av store område med dyrka mark til andre føremål i sine gjeldande arealplanar. Skal vi nå det nye regionale jordvernmålet på 100 dekar, lyt desse areala førast tilbake til landbruksføremål. Dette har også regjeringa omtala i sitt brev til kommunane og fylkeskommunane med oppmoding om å ta vare på matjorda.

Stortinget sitt nasjonale jordvernmål er at ikkje meir enn 2 000 dekar matjord kan byggast ned per år. Dette er ei innskjerping på 1 000 dekar frå førre målsetting. Jordvernstrategien er tydeleg på at vern av matjorda må verte høgt prioritert i kommunane sin arealpolitikk for å nå målsettinga.

Et vi meir kjøt?

Ja, vi et meir kjøt. Vi et mykje meir fjørfekjøt og litt meir svinekjøt, medan vi har eit stabilt forbruk av kjøt frå grasetande storfe og småfe.

Kjøtforbruk er tema i møte med klima, berekraft, folkehelse og landbrukspolitikk. Det meste av landet vårt er mest eigna til produksjon av gras, noko som betyr at storfe og småfe, grasetarane, er det vi har best naturgitte forhold for. I Møre og Romsdal er heile 96 prosent av jordbruksarealet brukt til grasproduksjon.

I 2021 har kvar innbyggar eit kjøtforbruk (engros, dvs. omsett vare) på 79,7 kg. 30 år tidlegare (1990) hadde kvar innbyggar eit kjøtforbruk på 55,3 kg. 20 år før det igjen (1969) hadde kvar innbyggar eit kjøtforbruk på 41,6 kg. På 50 år har samla kjøtforbruk auka med 38,1 kg, som nesten er ei dobling.

Forbruk av fjørfekjøt har auka mest, frå 1,4 kg i 1969 til 21,9 kg i 2021. Det er ein auke frå 3,4 til 27,5 prosent av det samla kjøtforbruket i desse 50 åra. Svinekjøt har også hatt ein auke, frå 17,4 kg til 27,4 kg. Til saman har svin og fjørfe stått for ein auke på 30,5 kg av den totale auken på 38,1 kg i samla kjøtforbruk. Forbruket av småfekjøt i same perioden har vore på praktisk talt same nivå (ca. 5 kg). Storfe hadde ein auke i perioden mellom 1969 og 1979 på 5 kg (frå 15 til 20 kg) og har sidan vore på det nivået. Anna kjøtforbruk (viltkjøt, biprodukt, grensehandel) utgjer berre ein liten del av samla kjøtforbruk.

I Møre og Romsdal produserer vi veldig lite av dei kjøtslaga som vi i dag et meir av enn tidlegare.

Ikkje hogg granskogen for tidleg

Både skogeigaren og klimaet tener på å vente med hogst til skogen har fått med seg åra med best tilvekst.

Skogen veks godt i vårt fylke, særleg grana. Eit mildt klima og næringsrike li-sider sørger for dette. Granskogen bind dermed store mengder karbon, samtidig som det vert produsert tømmer av god kvalitet.

Kva tidspunkt du vel å hogge skogen på, påverkar mengda bunde karbon, og volum og kvalitet på trevirket.

Høg tilvekst på skogen gjev høg binding av karbon. Tilveksten aukar med trestorleiken opp til ein gitt alder. Granskogen kan nesten doble volumet i den beste tilvekstperioden på tjue år. Større og lengre skog gir også betre pris på trevirket og lågare driftsprisar.

Netto til skogeigar aukar med 150 prosent ved å vente 20 år med hogst, frå 50 til 70 års levealder på skogen. Bindinga av karbon følger auken i hogstvolum.

Forrige tema:
Neste tema: