2. Pendling

Pendling

Auka pendling både inn og ut av fylket

I følge Statistisk sentralbyrå sin definisjon er ein pendlar ein sysselsett som har arbeidsstaden sin i ein annan kommune enn han har bustadadresse. Talet pendlarar blir altså berekna ut i frå bustad i folkeregisteret, mens arbeidsstad er registrert i ein anna kommune. Det er ikkje mogleg ved hjelp av koplinga bustadadresse og arbeidsadresse å seie noko om frekvensen i pendlinga. Den sysselsette kan til dømes ha heimekontor deler av veka og pendlar som følge av dette ikkje over kommunegrensa dagleg. Det kan vere ei feilkjelde at enkelte bedrifter har registrert sine arbeidstakarar ved eit hovudkontor, men i praksis har fleire andre lokasjonar der tilsette har sin arbeidsstad.

Får 2021 til 2022 er det ei lita prosentvis auke i innpendlinga til fylket. I 2021 hadde 4,4 prosent av dei sysselsette i Møre og Romsdal bustadadresse utanfor fylket mot 4,6 prosent i 2022. Same utviklinga er det i utpendlinga, i 4. kvartal 2021 var det 7,6 prosent av dei som budde i fylket som hadde arbeidsplassen sin utanfor fylket. I 2022 hadde dette auka til 7,9 prosent.

Molde og Ålesund har store pendlingsoverskot. For Ålesund sin del så endra biletet seg når dei vart samanslått med fire andre kommunar i 2020. Dette var kommunar som tradisjonelt hadde stor innpendling til Ålesund. I 4. kvartal 2022 pendla 8 111 personar til Ålesund for å arbeide, mens utpendlinga var på 5 714 personar. Til samanlikning var det i Molde ein innpendling på 5 879 personar og 2 930 personar pendla ut av kommunen på jobb. I Kristiansund var det i 4. kvartal 2022 fleire som pendla ut av kommunen på jobb enn som pendla til. Fleire kommunar som ligg tett på dei store byane har stor utpendling, eit døme er kommunane Sula og Giske som har mange innbyggarar som pendlar til Ålesund. Hustadvika er ein annan kommune med stor utpendling, i 4. kvartal 2022 pendla 3 125 innbyggarar ut av kommunen på jobb, 1 974 av desse pendla til Molde for å jobbe.

Forrige tema:
Neste tema: