7. Kultur

Kulturpolitikarundersøking

Kulturfeltet har høg politisk status i Møre og Romsdal

I ei undersøking gjort av Oxford Research kjem det fram at politikarane i fylket i større grad enn i dei andre fylka i undersøkinga meiner at det å markere seg på kulturfeltet gir status som politikar. 46 prosent av respondentane i undersøkinga er heilt einig eller einig i påstanden. Det er høgare enn landsgjennomsnittet, der 41 prosent av respondentane svarar at dei er heilt einig eller einig i same påstand. Lågast status har kulturfeltet i Rogaland, der berre 34 prosent har svart det same.

Derimot har vi i ifølge respondentane i undersøkinga noko mindre synlege og dedikerte kulturpolitikarar enn landsgjennomsnittet.  I motsetning til det nasjonale snittet – der 50 prosent av respondentane er heilt einig eller einig i påstanden om at i min kommune har vi synlege og dedikerte kulturpolitikarar – svarer 49 prosent av respondentane frå Møre og Romsdal det same. Det er litt høgare enn Vestland, der berre 47 prosent av respondentane er einig i påstanden, mens Rogaland ligg på same snitt som resten av landet.

Vidare opplever politikarane som svarte på undersøkinga at dei i mindre grad enn det nasjonale snittet har reell innverknad og innflytelse på kulturpolitikken i sine kommunar. Mens 62 prosent av respondentane på nasjonalt nivå er heilt einig eller einig i påstanden, seier 58 prosent av respondentane i Møre og Romsdal og Vestland det same. I Rogaland opplever politikarane derimot å ha større innverknad på kulturpolitikken enn landsgjennomsnittet, der heile 68 prosent av respondentane er heilt einig eller einig i at dei har ei reell medverknad og innflytelse på kulturpolitikken i sine kommunar.

Forrige tema:
Neste tema: