4. Sysselsetting og næringsliv

Sysselsetting blant innvandrarar

Pendlarar frå utlandet – viktige arbeidstakarar i lokalt arbeidsliv

I tillegg til den ordinære innvandringa er det mange som pendlar frå utlandet til Møre og Romsdal for å arbeide. Denne arbeidskrafta er i mange kommunar viktig for å oppretthalde vare- og tenesteproduksjonen. I perioden 2008-2022 har innpendlinga frå utlandet variert, den økonomiske situasjonen og etterspurnaden etter arbeidskraft er sjølvsagt avgjerande for behovet for utanlandsk arbeidskraft.

I 4. kvartal 2008 innpendla 4 582 personar frå utlandet, fordelt på 4 116 menn og 466 kvinner. Til samanlikning var det i 4. kvartal 2022 sysselsett 4 820 personar i fylket på korttidsopphald, av desse var 4 242 menn og 578 kvinner. I åra 2015-2017 var det lågare innpendling av arbeidstakarar til fylket, til dømes var det 3 166 personar som innpendla til fylket i 4. kvartal 2015. Innpendlinga av arbeidstakarar til fylket auka igjen etter 2017 og hadde ein ny topp i 2019, med 6 244 sysselsette. Innpendlinga av arbeidskraft fekk eit fall i 2020 og 2021, men tok seg opp igjen i 2022. Hovudårsaka til dette fallet var Covid-19 pandemien, som reduserte aktiviteten i næringslivet og behovet for arbeidskraft. Reiserestriksjonar gjorde det òg vanskeleg i periodar å krysse landegrensene.

Det er størst innpendling av arbeidskraft til sekundærnæringane i fylket. Møre og Romsdal er eit stort industrifylke med bedrifter som i periodar har stort behov for arbeidskraft. For å dekke behovet for arbeidskraft i helsesektoren i fylket, blir det både av kommunar og helseføretaket henta inn arbeidskraft frå utlandet.

Sysselsette etter landbakgrunn

I 4. kvartal 2022 var delen sysselsette i heile befolkninga i fylket 72,0 prosent for menn og 65,9 prosent for kvinner. I befolkninga utanom innvandrarar er 72,4 prosent av mennene og 66,2 prosent av kvinnene i arbeid. Sysselsettinga for innvandrargruppa viser at 69,8 prosent av mennene og 64,2 prosent av kvinnene er i arbeidslivet. Det er med andre ord liten skilnad i yrkesdeltakinga om vi samanliknar heile innvandrargruppa med resterande del av befolkninga. Lågast yrkesdeltaking er det for innvandrarar frå Europa utanom EU/EFTA, Afrika, Asia, Amerika utan USA/Canada og Oceania utan Australia/New Zealand. I denne gruppa er delen som er sysselsett 61,6 prosent blant mennene og 58,4 prosent av kvinnene.

Forrige tema:
Neste tema: