16. Personinntekt

Opplevd økonomisk situasjon

Nær 20 prosent har sårbar økonomi

SSB gjennomfører årleg ei levekårsundersøking der mellom anna opplevd økonomisk situasjon er eit av temaa. I Møre og Romsdal svarte 17,9 prosent at dei ikkje kunne klare ei uføresett utgift på 20 000 kroner i løpet av ein månad utan å måtte ta opp ekstra lån, selje eigendelar eller motta hjelp frå andre. Dette er noko lågare enn landsgjennomsnittet som i 2022 var 20,4 prosent. Det må nemnast at utvalet frå Møre og Romsdal er rundt 300 personar, noko som gir feilmarginar opp mot 6 prosent.

Undersøkinga vart gjennomført i første halvdel av 2022. Resultata gir dermed informasjon om befolkninga sin økonomiske situasjon etter ein periode med høgare inflasjon og økte straumprisar, samtidig som fleire var tilbake i jobb og arbeidsledigheita var tilbake på same nivå som før koronapandemien.

Til tross for auka prisar og rentenivå, gav oppsparte midlar frå pandemi-perioden mange hushalda ein romslegare økonomi i 2022. Dette ser vi att i statistikken over fattigdomsproblem, som ikkje viser nokon vesentleg auke i økonomiske vanskar når vi ser befolkninga under eitt. 5,4 prosent i Møre og Romsdal og 6,6 prosent i heile landet rapporterte at dei hadde vanskar med å få endene til å møtast i 2022, ein andel som har vore relativt stabil sidan den første målinga i 2011, ifølge SSB. Andelen som oppgir at det har hendt at de ikkje klarar å betale bu utgifter (4 prosent) har også vore meir eller mindre uendra dei siste 5 åra.

Også det SSB kallar «høg buutgiftsbelastning» (hushaldet har bu utgifter som utgjer minst 25 prosent av husholdet si disponible inntekt) er stabil. Buutgiftene som blir rekna med her inkluderer berre renter og avdrag på bustadlån og husleige. Her kjem Møre og Romsdal klart betre ut enn landsgjennomsnittet. Andelen her ligg på rundt 16 prosent og landsgjennomsnittet er på rundt 22 prosent. 39 prosent i Oslo har buutgifter som overstig ein fjerdedel av inntekta, mot 14 prosent i Innlandet og Nordland, som har dei lågaste andelane.

Auke i andelen som har betalingsproblem i Møre og Romsdal

Eit tilhøve som ser ut til auke, og særleg i Møre og Romsdal, er andelen som har minst eit betalingsproblem. I Møre og Romsdal gjeld dette ca 8 prosent og for landet er talet 6 prosent. Dette inneber at personen har vore ute av stand til å betale anten husleige/fellesutgifter, bustadlån, andre lån eller elektrisitet eller kommunale utgifter det siste året.

I 2022 svarte rundt 8 prosent i Møre og Romsdal og 9 prosent i Noreg at dei opplevde at hushaldet si inntekt har gått ned dei siste 12 månadene.

Ein ny rapport frå Forbruksforskningsinstituttet SIFO viser at delen med betalingsproblem har auka ytterlegare i 2023.

Fleire har ikkje råd til forbruksgode

Det er ein tydeleg auke i andelen som oppgir å ikkje ha råd til forbruksgode, og auken i Møre og Romsdal er større enn nasjonalt. I 2020 svarte 11 prosent i Møre og Romsdal og 15 prosent i landet at dei ikkje hadde råd til minst eitt av følgjande materielle gode; halde bustaden passe varm, ete kjøtt og fisk annakvar dag, å gå til tannlege, å bytte ut utslite møbel, ha internett, å erstatte utslite klede og å ha bil til privat bruk. Denne andelen var auka til 17 prosent i Møre og Romsdal og 18 prosent i landet i 2022. Det vanlegaste er å ikkje ha råd til å bytte ut utslite møbel (11 prosent), ikkje ha råd til bil eller ikkje råd til å gå til tannlege eller erstatte utslite klede (5 prosent).

Fem prosent har ikkje råd til å delta regelmessig på fritidsaktivitetar

Også når det kjem til deltaking i sosiale aktivitetar, ser vi ein liten auke i delen som ikkje har råd til dette. I 2022 var det 10 prosent i Møre og Romsdal som ikkje hadde råd til eit av følgande: ei vekes ferie årleg, bruke litt pengar på seg sjølv kvar veke, delta i regelmessige fritidsaktivitetar eller til å ete og drikke ute månadleg. Denne andelen var 9 prosent i 2020.

6 prosent svarar at dei ikkje har råd til ei vekes ferie og 5 prosent oppgir å ikkje ha råd til å delta regelmessig på fritidsaktivitetar.

Les meir om fattigdomsproblem i levekårsundersøkinga på SSB sine nettsider.

Forrige tema:
Neste tema: