1. Demografi

Framskrivingar

Prognosar om nedgang i folketalet i 13 kommunar

SSB utarbeider annakvart år nye framskrivingar av folketalet i Noreg. Sist dette vart gjort var i juli 2022. Desse framskrivingane er viktige reiskap i planlegginga både i privat og offentleg sektor. Framskrivingane bygger på demografiske føresetnader som fruktbarheit, dødelegheit, innanlandsflytting og prognosar for nettoinnvandringa framover. I følge SSB sine framskrivingar vil 13 av kommunane i fylket ha nedgang i folketalet fram mot 2038. Størst prosentvis nedgang meiner SSB det blir i Vanylven kommune med -12,6 prosent eller -379 personar. Vanylven vil då, om SSB treff med sine prognosar, ha 2 634 innbyggarar i 2038. Størst prosentvis vekst i folketalet blir det i Giske og Sula med ein vekst på 12,3 prosent og 11,7 prosent. Av dei tre største byane er det Ålesund som vil ha sterkast vekst i folketalet med 4,9 prosent dei neste 15 åra. Tilsvarande for Molde og Kristiansund er veksten i folketalet 3,3 prosent og 0,4 prosent i same periode. For fylket som heile viser framskrivingane ein vekst i folketalet fram mot 2038 på 2,0 prosent eller 5 345 personar.

Færre i yrkesaktiv alder og fleire eldre

Talet på personar i yrkesaktiv alder (20-64 år) per eldre over 65 år vil dei neste 15 åra bli sterkt redusert. I 2010 var det i Møre og Romsdal 3,5 personar (20-64 år) per eldre over 65 år, tilsvarande var det 4,0 personar nasjonalt. I 2023 er dette for Møre og Romsdal sin del redusert til 2,7 personar, mens det nasjonalt er 3,2 personar i yrkesaktiv alder per person over 65 år. I følge framskrivingane til SSB vil dette reduserast ytterlegare fram mot år 2038. I Møre og Romsdal er det då 2,0 personar i yrkesaktiv alder per eldre over 65 år, for landet under eitt vil det vere 2,3 personar. Som følge av dette må både offentleg og privat sektor gjennom ei stor omstilling. Vare- og tenesteproduksjonen i landet må løysast med færre sysselsette og utfordringa med å få tak i kvalifisert arbeidskraft aukar.

Sterk vekst i talet på eldre over 80 år

Dei neste 10-15 åra blir det ein sterk vekst i talet på eldre over 80 år. I Møre og Romsdal vil det i 2038 vere 11 746 fleire eldre over 80 enn i dag. Dette representerer ein vekst for denne aldersgruppa på 84,6 prosent. Ser vi heile landet under eitt vil talet på eldre over 80 år vekse med 214 130 personar eller 86,9 prosent fram mot 2038.

Det er i Gjemnes, Vestnes og Kristiansund at den prosentvise veksten i denne aldersgruppa blir sterkast, med ein vekst på 138,5, 122,8 og 112,0 prosent fram mot 2038. For Kristiansund representerer dette ein auke på 1 300 personar i aldersgruppa over 80 år. Molde og Ålesund har ein vekst i denne aldersgruppa på 87,4 og 91,5 prosent, det utgjer ein auke på 1 506 og 2 779 personar.

Auken i talet eldre og nedgangen i barnefødslar dei siste tiåra gir innan få år store endringar i befolkningssamansettinga. Dette er ei utvikling som mange stadar allereie har gjort seg gjeldande, men som vil eskalere dei neste 15 åra.

Kvinner i Stranda lever lengst

Med utgangspunkt i kvinner fødd i 2023 er det kvinner i Stranda kommune som vil leve lengst med ei prognose på 86,5 år. Det same gjeld for menn, det er menn i Stranda som blir eldst med ein snittalder på 83,7 år.

Ser vi hele nasjonen under eitt er forventa levealder for kvinner og menn som blir fødd i 2023 på 85,1 år for kvinner og 82,0 år for menn.

Forrige tema:
Neste tema: