1. Demografi

Internasjonalt/europeisk perspektiv på demografi

Få fødslar og låge fruktbarheitstal også internasjonalt

Nedgang i talet på fødslar og låge fruktbarheitstal er ikkje berre eit norsk eller nordisk fenomen. I store delar av verda er fruktbarheitstalet under 2,1, som i følgje FN-sambandet er det talet barn kvar kvinne må føde for å oppretthalde folketalet i verda. Fruktbarheitstalet viser kor mange barn kvar kvinne i snitt føder i løpet av livet. I Europa er det berre i Monaco at dei kan vise til eit fruktbarheitstal på 2,1. Med eit fruktbarheitstal på 1,5 ligg Noreg midt på treet. Av dei store landa i Europa er det Frankrike som har det høgaste fruktbarheitstalet i 2022 med 1,8 barn per kvinne. I dei sør-europeiske landa Portugal, Italia og Spania er fruktbarheitstalet nede på 1,4, 1,3 og 1,3. Ser vi på våre naboland i Norden er fruktbarheitstalet i Danmark, Island og Sverige 1,7. Finland har den lågaste fruktbarheita i Norden med 1,4 barn per kvinne i 2022.

Vi må til det afrikanske kontinentet for å finne landa med høgast fruktbarheit. Høgast var den i Niger, der fruktbarheitstalet var 6,8 i 2022. Etter Niger er det Somalia og Tsjad som er mest fruktbare med eit fruktbarheitstal på 6,2. På lista over dei 10 landa i verda der kvinnene føder flest barn, er det berre afrikanske land. Nedst på denne lista finn vi Benin der kvinnene føder i snitt 4,9 barn gjennom livet. Dei afrikanske landa skil seg ut frå store delar av verda elles når det gjeld kor mange barn kvar kvinne får.

Forrige tema:
Neste tema: