10. Helse og levekår

NEET

NEET – ungdom i fare for utanforskap

Det har dei seinare åra vore eit stort fokus på ungdom i utanforskap. I mange samanhengar blir det vist til det internasjonale omgrepet NEET, som er ei forkorting for «Not in Employment, Education or Training». Omset vi dette til norsk blir det «ikkje i arbeid, utdanning eller arbeidsmarknadstiltak».

Dei siste 10-15 åra er det arbeidd mykje for at ein større del av ungdommane i vidaregåande opplæring skal gjennomføre utdanningsløpet dei har starta på. Dette arbeidet har bore frukter og fleire gjennomfører no vidaregåande opplæring. Trass i dette er det framleis mange ungdommar som kjem i gruppa som verken har arbeid, er i utdanning eller er i anna opplæring. Både i Møre og Romsdal og nasjonalt auka «NEET-gruppa» blant ungdom frå 2021 til 2022, etter ein nedgang kvart år frå 2016.

I Møre og Romsdal stod 8,8 prosent av ungdommane i aldersgruppa 15-29 år utanfor arbeid, utdanning eller arbeidsmarknadstiltak i 2022. I «NEET-gruppa» er det i Møre og Romsdal 4 223 ungdommar i 2022, med andre ord er det eit betydeleg tal ungdommar som ikkje er i aktivitet. Likevel er det berre i Rogaland at ein lågare del av ungdommane ikkje er i aktivitet, der 8,7 prosent av ungdommen er i «NEET-gruppa». Ser vi heile landet under eitt, er det 9,7 prosent av ungdommen 15-29 år som ikkje er i aktivitet i 2022. Vestfold og Telemark er fylket der størst del av ungdommen ikkje er i aktivitet, der utgjer denne gruppa 11,3 prosent.  

«NEET-gruppa» varierer i storleik i kommunane

Kor stor del av ungdomsgruppa som står utanfor arbeid, utdanning og arbeidsmarknadstiltak varierer kommunane imellom. Her spelar fråfallet i vidaregåande opplæring, situasjonen i arbeidsmarknaden og tilgangen lokalt på arbeidsmarknadstiltak inn. Ni av kommunane i fylket hadde i 2022 ein større del av ungdomsgruppa utan aktivitet enn det nasjonale snittet. I 2022 var det Gjemnes kommune som hadde størst del av ungdomen (15-29 år) utanfor arbeid, utdanning og arbeidsmarknadstiltak, med 13,6 prosent.

19 av 26 kommunar i fylket hadde auke i «NEET-gruppa» blant ungdom i 2022. Størst auke var det i kommunane Vanylven og Sunndal, størst reduksjon var det i Smøla, Kristiansund og Averøy.

Forrige tema:
Neste tema: