1. Demografi

Fødslar og fruktbarheit

Historisk låge fødselstal

Etter ein oppgang i talet på fødslar i 2021 vart 2022 eit år med historisk låge fødselstal. I 2022 vart det i fylket født 2 336 barn mot 2 670 barn i 2021, ein nedgang på -334 fødslar. Prosentvis gir dette ein nedgang i fødslar frå 2021 til 2022 på 12,5 prosent. Dette er dei lågaste fødselstala i Møre og Romsdal i moderne tid. Samanliknar vi med fødselstala i 2020 var det i 2022 ein nedgangen på 107 fødde barn.

Låge fødselstal i 2022 er ikkje noko som gjeld berre Møre og Romsdal. Nasjonalt vart det i 2022 født 51 480 barn, ein nedgang på -4 580 fødslar frå 2021. Vi må tilbake til 1985 for å finne lågare fødselstal i Noreg. Vi fekk med andre ord ei kraftig korrigering av fødselstala etter ein oppgang i talet på fødslar i 2021.

Som følgje av høg dødelegheit og få fødslar var det i 2022 for første gong i nyare tid fødselsunderskot i Møre og Romsdal. Det vil seie at det døde fleire personar i fylket enn det vart født. I 2022 var fødselsunderskotet i fylket på -115 personar. Nasjonalt var det i 2022 eit fødselsoverskot på 5 706 personar, noko som er ein reduksjon i fødselsoverskotet frå 2021 på 8 352 personar.

Fødselsunderskot i 18 kommunar

I 2022 var det fødselsunderskot i 18 av kommunane i fylket og 20 av kommunane hadde nedgang i talet på fødslar samanlikna med 2021. Av dei tre største byane var det berre i Ålesund det var fødselsoverskot med 95 fleire fødde enn døde. I Molde og Kristiansund var det eit fødselsunderskot på -42 personar og -13 personar. For utan Molde var det i Vestnes, Sunndal og Vanylven at fødselsunderskotet var størst med -39, -33 og -31 personar. Sett i forhold til folketalet var det kommunane Vanylven og Fjord som hadde størst fødselsunderskot. Det var i kommunane Ålesund, Ulstein og Ørsta at fødselsoverskotet var størst med 95, 28 og 26 personar.

Sivilstatusen for fødande er i endring

Samlivsstatusen er i endring for fødande kvinner. I 2006 var 42,1 prosent av kvinnene gift når dei fekk barn mot 31,8 prosent av kvinnene i 2022. Det er i dag mest vanleg å vere sambuarar når ein får barn. I 2022 var det 56,8 prosent av dei fødande sambuarar mot 43,2 prosent i 2006. Etter ein nedgang i 2021 var det i 2022 ein auke på 2,3 prosentpoeng av fødande med sivilstatus einsleg. Ser vi det over tid har delen kvinner som er einslege når dei får barn gått ned. I 2008 og 2009 var 16,4 prosent av kvinnene einslege når dei fekk barn mot 11,4 prosent i 2022.

Dalande fruktbarheitstal

Fruktbarheitstala er redusert som følgje av låge fødselstal. Møre og Romsdal er ikkje lenger best i landet på fruktbarheit, i 2022 vart vi slått av både Rogaland og Agder. Fruktbarheitstalet viser i snitt kor mange barn kvinner føder i løpet av livet. For Møre og Romsdal var fruktbarheitstalet i 2022 på 1,51 mot 1,73 i 2021. Snittet for landet i 2022 var 1,41 og i Oslo er fruktbarheitstalet kome heilt ned i 1,25. Det er altså i hovudstaden at det blir født færrast barn per kvinne. Fruktbarheitstalet i Møre og Romsdal var lenge stabilt, det  låg på omkring 2,0 frå slutten av 70-talet og fram til om lag ti år sidan. Fruktbarheitstalet var i 2011 1,99 mot 1,51 i 2022.

Fødealderen stig

Fødealderen til kvinner har stige jamt dei siste ti åra. I 2002 var kvinner i Møre og Romsdal i snitt 29,5 år når dei fødde mot 31,2 år i 2022. Alderen til fødande kvinner har med andre ord stige med 1,7 år i denne perioden. Til samanlikning har fødealderen til kvinner nasjonalt stige med 1,8 år i same tidsperiode. Den gjennomsnittlege fødealderen til kvinner i Noreg var 31,7 år i 2022.

I 2022 var førstegongsfødande kvinner i Noreg i snitt 30,2 år, mens gjennomsnittleg alder for menn som vart far for første gong var 32,2 år. Her er det ikkje tilgjengelege tal på fylkesnivå.

Forrige tema:
Neste tema: