Berre 5 kommunar har verna nok natur
Noreg har skrive under på FNs Naturavtale. Hovudpunkta er 30-prosentsmåla; 30 prosent av all natur på land og i hav, innsjøar og elver skal vere verna innan 2030 og 30 prosent av all natur som er delvis øydelagd, skal vere restaurert innan 2030.
I Møre og Romsdal er det berre Stranda, Rauma, Sunndal, Surnadal og Fjord som har verna meir enn 30 prosent. Samla er 21,6 prosent av arealet i Møre og Romsdal verna. Prosenten viser alt verna areal samanlikna med totalt areal inkl. grunnlinje + 1 nautisk mil farvatn, dvs innafor raudstipla linje i kartet.
Naturavtalen set óg krav til at vernet skal vere representativt. Det betyr at områda som blir verna, skal dekke alle naturtypar, og dei skal henge godt saman. Kartet viser at i Møre og Romsdal har vi hovudsakeleg verna natur i fjellet og noko langs kysten. Det er truleg mange naturtypar som ikkje er godt nok verna i dag.