4. Sysselsetting og næringsliv

Sysselsette etter utdanningsnivå

Volda har høgast del sysselsette med lang høgare utdanning

Det er stor variasjon mellom kommunane i fylket når det gjeld del av dei sysselsette som har lang høgare utdanning. Med lang høgare utdanning meiner SSB høgare utdanning lenger enn 4 år. Det var i Volda kommune at størst del sysselsette hadde lang høgare utdanning i 4. kvartal 2022. Der hadde 12,5 prosent av alle sysselsette lang høgare utdanning. Til samanlikning hadde 13,9 prosent av sysselsette nasjonalt slik utdanning.

I Møre og Romsdal var det 8,1 prosent av alle sysselsette som hadde lang utdanning frå høgskole eller universitet. Det er berre i Innlandet fylket det er ein lågare del sysselsette med lang høgare utdanning.

Det er 5 kommunar i fylket som har større del sysselsette med lang høgare utdanning enn snittet for fylket. Dei tre største byane i fylket er blant desse. Størst del er det i Molde med 11,2 prosent, i Ålesund og Kristiansund er delen av sysselsette med lang høgare utdanning 10,0 prosent og 8,5 prosent. På Smøla er delen sysselsette med lang høgare utdanning lågast, med 2,8 prosent. Arbeidsmarknaden i den enkelte kommune er sjølvsagt svært avgjerande for kva kompetanse som blir etterspurt.

Stor variasjon i utdanningsnivået mellom næringane

I mange næringar er det fagkompetanse frå vidaregåande opplæring som dominerer blant dei tilsette. Til dømes er det i næringa bergverksverksemd og utvinning 72,3 prosent av dei sysselsette som har utdanning frå vidaregåande opplæring. Det same ser vi i bygg- og anleggssektoren, i industrien og i landbruksnæringa. Fagarbeidaren er med andre ord svært etterspurt i mange næringar i vårt fylke. Framleis er det fleire næringar der ein stor del av dei sysselsette har grunnskole som høgaste utdanning. Døme på dette er i overnatting- og serveringsverksemder og i jordbruk, skogbruk og fiske. I desse næringane hadde over ein 1/4-del av dei sysselsette i 4. kvartal 2022, grunnskole som høgaste utdanning. Det er innanfor undervisning at delen sysselsette med høgare utdanning er størst.

Forrige tema:
Neste tema: