17. Likestilling og demokrati

Røysteføre

Fleire eldre og innvandrarar blant dei røysteføre

Om lag 211 600 personar i Møre og Romsdal hadde røysterett ved kommune- og fylkestingsvalet i haust. Av desse er om lag 51 400 over 66 år. Pensjonistane utgjer dermed 24,3 prosent av dei røysteføre i fylket, det er ein klar auke frå 2019 då denne gruppa hadde 19,9 prosent av røystene.

Talet på førstegongsveljararar held seg nokså stabilt, men med ein liten nedgang dei siste vala. I 2023 hadde om lag 6 600 18–19 åringar røysterett i Møre og Romsdal. Det er 200 færre enn i 2019, og 400 færre enn i 2015.

Frå 1983 har utanlandske statsborgarar som har hatt lovleg opphald i minst 3 år, og nordiske borgarar som har lovleg opphald per 30. juni, røysterett i kommunestyre- og fylkestingsvala. Ved valet i haust var 8,1 prosent av dei røysteføre i Møre og Romsdal utanlandske statsborgarar. Denne gruppa har auka kraftig etter EU-utvidinga i 2004, for i 2003 utgjorde utanlandske statsborgarar berre 1,9 prosent av dei røysteføre i Møre og Romsdal.

Det har også vore stor auke i talet på norske borgarar med innvandrarbakgrunn med røysterett. I 2023 gjeld dette om lag 9 800 personar eller 4,6 prosent av dei røysteføre i fylket. I 2003 gjaldt dette berre 2 000 personar.

Forrige tema:
Neste tema: