7. Kultur

Naturterreng

Seks av ti har trygg tilgang til nærturterreng

I 2022 budde 82,7 prosent av innbyggarane i landet i ein tettstad (81,5 prosent i 2017). Tettstad er av SSB definert som ei hussamling der det bur minst 200 personar og der avstanden mellom husa/bygningane normalt ikkje er meir enn 50 meter. I Møre og Romsdal budde 74,1 prosent i ein tettstad i 2022 (71,6 prosent i 2017). Av dei som bur i tettstader er det varierande grad av tilgang til rekreasjonsområde eller turterreng i nærleiken av eigen bustad.

Rekreasjonsareal er naturområde større enn 5 dekar som ligg i tettstader eller grensar til tettstader, inkludert parkar og dei fleste idrettsanlegg. Nærturterreng er naturområde større enn 200 dekar som ligg i tettstader eller grensar til tettstader, inkludert parkar og dei fleste idrettsanlegg.

Møre og Romsdal er lik landet elles når det gjeld trygg tilgang til rekreasjonsareal,  men godt over landsgjennomsnittet når det gjeld tilgang til nærturterreng. For dei som bur i tettstader var det i 2022 om lag 59 prosent som hadde trygg tilgang til rekreasjonsareal (56 prosent i 2018), medan 60 prosent hadde trygg tilgang til nærturterreng. I landet elles er tilgangen på 61 og 47 prosent for dei to kategoriane.

Averøy er den kommunen kor innbyggarane har best tilgang til rekreasjonsareal, medan innbyggarane i Aure kommune har best tilgang til nærturterreng. Dette gjeld altså den delen av befolkninga som bur i tettstader.

For barn og unge er delen noko høgare enn for befolkninga samla - 62 og 64 prosent i Møre og Romsdal. Men det er store skilnader i tilgangen til slike areal mellom kommunane i fylket og mellom dei einskilde tettstadene. 

Kartverket fører også oversikt over turruter som er skilta og merka. Ei analyse av dei registrerte turrutene opp mot bustadane i Møre og Romsdal syner at det er store forskjellar mellom kommunane. Analysen viser at omlag 13 prosent av innbyggarane i Møre og Romsdal har skilta og merka turruter nærare enn 500 meter frå der dei bur. Høgast del innbyggarar med tilgang til registrert turrute er det i Rauma, verdens beste kommune for naturglade menneske. Her er delen 51 prosent.

Forrige tema:
Neste tema: