11. Klima og miljø

Avfall frå husshald

Nordmøringane kastar mest

FNs berekraftsmål nummer 12 om ansvarleg forbruk og produksjon handlar om korleis vi best mogleg dekker behova våre med minst mogleg ressursar, og ha kontroll på materialstraumane. I dag forbrukar vi meir enn kva som er miljømessig berekraftig. For å sikre gode levekår for noverande og framtidige generasjonar må også kvar enkelt forbruker endre livsstil. Dette kan gjerast gjennom å kjøpe tenester framfor produkt. Produkt må i størst mogleg grad nyttast gjennom deling og sameige, slik at ikkje alle treng å kjøpe inn og eige kvar for seg. Når ein må kjøpe eit produkt, bør dette vere av god kvalitet og vare så lenge som mogleg, med moglegheit for reperasjon og til slutt resirkulering. Ein sirkulær økonomi handlar om å nytte ressursane som allereie er tatt ut best mogleg, og produsere eit minimum av avfall. Avfall som er uunngåeleg skal gå inn igjen i ny produksjon.

Ser ein fylket under eit, har mengda hushaldsavfall* auka sidan 2015, men ein sterkt auke i koronaåra 2020 og 2021. Avfallsmengda er redusert med 9 prosent frå 2021 til 2022. Til tross for reduksjonen produserte vi totalt godt over 2 millionar tonn hushaldsavfall i Møre og Romsdal i 2022. Berre 928 000 tonn vart levert til materialgjenvinning.

Tal frå 2022 viser at det er store forskjellar mellom kommunane i fylket, frå 325 kg hushaldsavfall i året per innbyggar* i Ulstein til 477 kg hushaldsavfall per innbyggar i Aure. Alle kommunane på Nordmøre, med unntak av Gjemnes, har over 460 kg per innbyggar i 2022. Dei resterande kommunane i fylket produserer om lag 100 – 130 kg mindre hushaldsavfall per innbyggar enn på Nordmøre. Unntak i sør er Vanylven som ligg på 418 kg per innbyggar.  

Definisjonar:

Hushaldsavfall: Avfall frå normal verksemd i eit hushald (matrestar, emballasje, papir, kasserte møblar mm), også større gjenstandar. Avfall frå private hushald, fritidsbustader, studentbustader, pleie- og omsorgsbustader reknast med. Reine massar (jord, stein og grus) og kloakkslam er ikkje rekna som hushaldsavfall. Vraka bilar, heimekompostert mat- og hageavfall er ikkje medrekna i tala.

Årsinnbyggjarar: Når det skal bereknast kg per innbyggjar for kommunane blir innbyggjartalet justert for hytter for å kompensere for det ekstra hushaldsavfallet som kjem frå hytterenovasjonen. I snitt blir kvar hytte brukt av fire personar ca. 30 dagar per år. Omrekna utgjer tre hyttar ein ekstra innbyggjar.

Forrige tema:
Neste tema: