14. Samferdsel

Trafikksikkerheit

Færre drepne og hardt skadde i trafikken i Møre og Romsdal i 2022

Dei siste tiåra har det vore ein nedgang i talet drepne i trafikken i Noreg. Sjølv om det i 2022 vart ein auke i trafikkdrepne nasjonalt. Den langsiktige trenden for Møre og Romsdal viser ein nedgang i talet drepne og hardt skadde. Talet på drepne og hardt skadde har gått ned frå 33 i 2021 til 30 i 2022. Dette talet er i tråd med målkurva for Møre og Romsdal. «Nasjonal tiltaksplan for trafikksikkerhet på vei 2022-2025» har ei målkurve for trafikkulykker i fylka fram til 2030.

Drepne og hardt skadde i Møre og Romsdal i 2022 etter vegkategori:

  • 4 personar på kommunale vegar
  • 11 personar på fylkesvegane
  • 15 personar på riksveg

Det var 694 drepne og hardt skadde i vegtrafikken i Norge i 2022. Dette talet er høgare enn målkurva i Nasjonal transportplan 2018-2029. Det er flest drepne og hardt skadde på fylkesvegnettet i Norge i 2022.

Talet på alvorlege trafikkulykker i Norge i 2022, fordelt på vegkategori:

  • 329 drepne og hardt skadde på fylkesveg
  • 238 drepne og hardt skadde på riksveg
  • 93 drepne og hardt skadde på kommunal veg
  • 34 drepne og hardt skadde på andre vegar (parkeringsplass, skogsbilveg m.m.)

Det var 116 drepne i vegtrafikken i Norge i 2022. Målet for 2030 er maksimalt 50 drepne og 350 drepne og hardt skadde i trafikkulykker i Norge. Målet er 0 drepne i vegtrafikken i Norge i 2050 (nullvisjonen).

Forrige tema:
Neste tema: