12. Areal

Arealrekneskap

Arealrekneskap for Møre og Romsdal kjem i haust

Det har dei seinare åra vore eit sterkt fokus på arealbruk. Ifølgje FNs naturpanel er arealendringar den største trusselen mot naturmangfaldet i verda. Nedbygging av areal kan også medføre betydelege klimagassutslepp og redusere framtidig opptak av karbon. For å ruste oss mot klimaendringar er heilskapleg planlegging av areala våre nødvendig.

Det er anbefalt at kommunane utarbeider ein arealrekneskap som del av kommuneplanarbeidet. Planar skal vere realistiske og gjennomførbare, og ein arealrekneskap er eit nyttig verktøy for å kunne gjere vurderingar rundt disponering av areal i kommuneplanen.

Eit arealrekneskap gir ei oversikt over korleis allereie bebygd og opparbeidd areal er brukt og kva for arealtypar som har blitt nedbygd. Rekneskapen viser òg kva for areal som er regulert i plan som enno ikkje er bebygd. Dette utgjer arealreserven som er regulert i plan til ulike føremål.

Ei heil rekke kjelder er sett saman for å utarbeide arealrekneskapet. Dei kjeldene som er brukt er kommuneplanar, reguleringsplanar, SSB arealbruk, AR5 (arealressurskart) og data frå felles kartdatabase (FKB – veg, bygg og tiltak) og Miljødirektoratet sin utsleppskalkulator. Mangelfulle registreringar av tiltak i kartdatabasar (til dømes kommunens planregister) vil vere ei feilkjelde som gjer at arealrekneskapet for enkelte kommunar, ikkje gir eit fullstendig og oppdatert bilete på arealbruken.

Agder fylkeskommune har gjort eit nybrotsarbeid med å utvikle ein modell og kartløysing for utforming av arealrekneskap. Mange fylkeskommunar nyttar no denne modellen for utforming av arealrekneskap for sine kommunar. Møre og Romsdal fylkeskommune vil i løpet av hausten publisere ein arealrekneskap på sine heimesider. Det blir då mogleg å hente ut arealdata for den enkelte kommune og for heile fylket.

Bustadar og sentrumsføremål utgjer 18 prosent av det bebygde arealet

Størst del av det allereie bebygde arealet er brukt til blå-/grønstruktur med 97 593 dekar (21 prosent). Dette er til dømes areal som offentlege friområde og parkar. Bustadar og andre sentrumsføremål legg beslag på 86 879 dekar av det bebygde arealet i Møre og Romsdal. Det er 68 807 dekar av arealet i fylket som er i kategorien landbruk, natur og friluftsområde (LNF) og samferdselsanlegg nyttar 41 423 dekar av arealet. I tillegg til dette legg fritidseigedommar og ulike formar for næringsverksemd beslag på areal.

Store arealreservar

Det er i kommuneplanane sett av store areal til ulike føremål som enno ikkje er bebygd eller opparbeidd. I Møre og Romsdal er det til dømes avsett 63 582 dekar til fritidsbustadar som ikkje er nytta enno og tilsvarande 36 781 dekar til bustadar og sentrumsføremål. Det er avsett 33 357 dekar til næringsverksemd og 5 491 dekar til samferdselsanlegg som er unytta. Hovudårsaka til at «andre føremål» kjem opp med så stort areal er at det er avsett store areal til vindmølleparkar. Dette er òg årsaka til at hav er den arealtypen som ligg inne med størst areal i arealreserven. Relativt store havområde er avsett til framtidig utbygging av vindmølleparkar til havs. Andre arealtypar som er avsett til nedbygging er 26 447 dekar myr og 10 729 dekar fulldyrka areal.

Forrige tema:
Neste tema: