8. Utdanning og kompetanse

Grunnskole

Auke i elevar på ungdomsskolen

I 2022 var det 21 481 elevar i årsstega 1.-7. klasse i Møre og Romsdal. Dette er ein nedgang frå 2019 på -769 elevar eller -3,5 prosent. Det er likevel ein svakare reduksjon i talet elevar enn for perioden 2018-2021, då det vart -814 færre barneskoleelevar. I perioden 2019-2022 har talet på elevar i ungdomsskolen auka frå 9 807 elevar i 2019 til 10 097 elevar i 2022. I perioden 2018-2021 gjekk talet på ungdomsskoleelevar i fylket ned med -93 elevar.

Den auka innvandringa frå Ukraina har gitt ein auke i elevtalet i mange av kommunane i fylket. Det gir auka inntekter til kommunane, utfordringa er at ein ikkje veit om dette er elevar som blir verande over tid. Det kan derfor vere vanskeleg for kommunane å gjere store investeringar basert på elevtalet per dato. Dette er ei problemstilling som òg gjer seg gjeldande på andre tenesteområde i kommunane.

17 grunnskolar lagt ned siste fem år

Det har over tid vorte færre offentlege grunnskolar. Skolar har blitt lagt ned i mange kommunar i tråd med nedgangen i talet på elevar. Sidan 2018 er talet på kommunale grunnskolar redusert frå 175 til 158 skolar, ein nedgang på 17 skolar.

For tjue år sidan var det 250 kommunale grunnskolar i fylket og det var då berre etablert to private skolar. Dei siste 20 åra har det vorte lagt ned nærmare 100 kommunale grunnskolar. Talet på private grunnskolar har i fleire år vore stabilt på 19 skolar, men det har no kome til 2 nye skolar. Det er etablert private skolar i grendene Tresfjord og Fiksdal i Vestnes kommune, etter at dei kommunale skolane vart lagt ned. Med denne omlegginga er det 3 private barneskolar i Vestnes kommune.

Spesialundervisning – store forskjellar kommunane imellom

Elevar som ikkje har utbyte av den ordinære opplæring har i følgje opplæringslova § 5.1 rett til vedtak om spesialundervisning. Eit vedtak om spesialundervisning skal fattast med utgangspunkt i ei sakkunnig vurdering. For elevar som får innvilga spesialundervisning skal det utarbeidast ein individuell opplæringsplan (IOP), som skal skissere opplæringa med utgangspunkt i vedtaket og tilrådingane i sakkunnig vurdering.

Det er stor variasjon kommunane imellom i tildelinga av spesialundervisning. I Smøla fekk 22,4 prosent av elevane i 2022 innvilga vedtak om spesialundervisning. I andre enden av skalaen er Ulstein som tildelte 4,4 prosent av elevane spesialundervisning. Ser vi heile landet under eitt er det gjennomsnittleg 7,8 prosent av elevane som i 2022 får innvilga spesialundervisning mot 9,7 prosent i Møre og Romsdal. Det er berre i 5 kommunar i fylket at det er lågare tildelingar enn det nasjonale snittet. I 12 av kommunane er tildelinga høgare enn det fylkeskommunale snittet på 9,7 prosent.

Svakare resultat i grunnskolen

Dei siste åra har talet grunnskolepoeng som elevane går ut av grunnskolen med stadig auka. Dei tre skoleåra 2019/2020, 2020/2021 og 2021/2022 vart i stor grad prega av Covid19-pandemien. Heimeskolen i starten av pandemien og fleire år med avlyste eksamenar har påverka resultata til elevane i grunnskolen. Skoleåret 2018/2019 hadde elevane i grunnskolen i fylket 41,9 grunnskolepoeng i snitt ved avslutninga av grunnskolen. Dette auke til 43,1 poeng våren 2020. Skoleåra 2020/2021 og 2021/2022 fekk elevane i snitt 43,0 og 43,2 grunnskolepoeng. Det vart i pandemiåra ikkje gjennomført verken munnleg eller skriftleg eksamen. Tradisjonelt gjer elevane det betre til standpunkt enn til eksamen og bortfallet av eksamen blir som følgje av dette peika på som hovudårsaken til auken i talet på grunnskolepoeng dei siste åra. Skoleåret 2022/2023 gjekk elevane ut av grunnskolen i fylket med eit lågare karaktersnitt. Skolen var dette skoleåret ikkje lenger påverka av restriksjonar som følgje av pandemien og eksamen vart gjennomført våren 2023. Elevane i fylket hadde eit snitt på 42,1 grunnskolepoeng, ein nedgang på 1,1 grunnskolepoeng frå førre skoleåret. Det nasjonale snittet var 42,4 grunnskolepoeng, ein nedgang på 1,0 poeng frå året før.

Forrige tema:
Neste tema: