14. Samferdsel

Dekke

Meir asfaltering og betre dekke på fylkesveg, men mykje står att

Det vart lagt 176 km asfalt på fylkesvegane i Møre og Romsdal i 2022. Det er cirka 3 000 km fylkesveg i Møre og Romsdal, i tillegg til 184 km fylkeskommunale gang- og sykkelvegar.

Fylkeskommunen utfører målingar av vegdekke på fylkesvegane kvart år. Dekketilstanden blir kategorisert i to grupper på grunnlag av vegdekkemålingane; tilfredsstillande eller dårleg/svært dårleg tilstand.

64 prosent av fylkesvegdekket var tilfredsstillande i 2022. Trenden er positiv med unntak av åra 2019 og 2020. Statistikken for 2020 er usikker fordi vegdekke-målingar vart gjort på berre 74 prosent av fylkesvegnettet i 2020 mot 99,5 prosent i 2022. Men framleis har vel ein tredel av fylkesvegane ikkje tilfredsstillande dekke.

I det ordinære dekkeprogrammet blir prioriterte fylkesvegstrekningar asfalterte. Det har vore ein positiv trend dei siste fem åra når det gjeld asfaltert dekke, målt i talet på km (75 - 176 km).

Når vi tar omsyn til levetida til vegdekket, er berekna årleg asfalteringsbehov i storleiken 200 mill. kroner for å oppretthalde tilfredsstillande vegdekke på fylkesvegane i Møre og Romsdal. Fylkeskommunen bruka ca. 173 mill. kroner til asfaltering av nær 176 km fylkesveg i 2022. Eit statleg tilskot på 29 mill. kroner inngår i dette beløpet.

Forrige tema:
Neste tema: