4. Sysselsetting og næringsliv

Utvikling i kommunane

Lite vekstkraft i byane?

Veksten i sysselsettinga frå 4. kvartal 2021 til 4. kvartal 2022 var samla for fylket langt unna å nå landsgjennomsnittet. Berre åtte kommunar hadde ein vekst lik eller høgare enn landsgjennomsnittet på 2,0 prosent. Sterkast vekst blant kommunane var det i Sande, Herøy og Volda med 3,5 prosent. Ingen av dei tre største bykommunen i fylket hadde ein vekst over landsgjennomsnittet. Nærast var Kristiansund med 1,8 prosent. Ålesund og Molde er kommunar som slo seg saman med fleire omlandskommunar i samband med regionreforma i 2020. Truleg er det ulike utviklingstrekk innan desse kommunane, der vekst i enkelte område blir motverka av nedgang i andre. Statistiske sentralbyrå publiserer ikkje sysselsettingsdata på lågare nivå, så vi kan ikkje sei noko om det er tilfelle, eller om det berre er lite vekstkraft i bykommunane no.

I tillegg til dei åtte kommunane som hadde ein vekst over landsgjennomsnittet er det seks kommunar, blant desse dei tre største byane, som hadde en vekst på eller over fylkesgjennomsnittet på 1,1 prosent.

Størst nedgang i sysselsettinga var det i Sykkylven (-3,4 prosent), Vanylven (-3,0 prosent) og Smøla (-2,9 prosent).

Om vi ser på endringa i sysselsettinga i eit litt lengre perspektiv, frå 4. kvartal 2018 til 4. kvartal 2022, ser ein at det berre er fire kommunar som har hatt ein vekst sterkare enn landsgjennomsnittet på 5,0 prosent. Herøy kom best ut, med 10,4 prosent, medan Vanylven kom verst ut med -9,1 prosent.

Ålesund kom i det lengre perspektivet betre ut, med ein vekst over landsgjennomsnittet på 5,4 prosent. Molde hadde ein vekst over fylkesgjennomsnittet med 4,5 prosent (mot 2,8 for fylket samla). Kristiansund hadde ein svakare vekst med 2,1 prosent.

Forrige tema:
Neste tema: