11. Klima og miljø

Transport

Delen elkøyretøy er lågare i Møre og Romsdal enn elles i landet

I perioden 2016 til 2022 har delen elkøyretøy auka kraftig i Møre og Romsdal, men delen er lågare enn i Noreg samla sett. Delen elkøyretøy er størst i kategorien personbilar. Innbyggarane i Averøy og Giske kommune er dei som i størst grad vel elbil. Det har truleg samanheng med gunstig bompengeordning for elbilar. I 2022 var det Vanylven, Sunndal, Surnadal og Aure som hadde den lågaste delen elbilar.

Det er ikkje registrert hydrogenbilar i Møre og Romsdal og berre ein personbil og fem varebilar som går på gass. Møre og Romsdal ligg òg etter med innfasing av elektriske varebilar og lastebilar samanlikna med heile landet. Frå 1. januar 2021 har Fram hatt 10 elbussar i drift i Ålesund, dette kjem ikkje fram av statistikken frå SSB. Det er uklart kvifor.

I 2022 var 9 prosent av personbilane i Møre og Romsdal hybride, mot 12 prosent i heile Noreg. Hybride bilar er summen av diesel og bensin hybridar, og både ladbare og ikkje ladbare.

Den totale køyrelengda i fylket held seg stabil. Køyrelengda til personbilar er fem gonger så stor som den samla køyrelengda til bussar, godsbilar og lastebilar.

Under samferdsel i fylkesstatistikken finn du detaljar om elkøyretøy på fylkesvegferjene, bruken av kollektivtransport i fylket og tal på klimagassutslepp knytt til kollektivtilbodet som er levert av Møre og Romsdal fylkeskommune.

Forrige tema:
Neste tema: