15. Kommuneøkonomi

Økonomiske indikatorar

Stor variasjon i avsett disposisjonsfond

Kommunane rapporterer informasjon om verksemda til Statistisk sentralbyrå (SSB) gjennom Kommune-Stat-Rapporteringa (KOSTRA). Dette gir oss indikatorar på den økonomiske tilstanden i kommunane. Tabellane er basert på tal frå kommunekonsern, som i tillegg til kommunekassa, også inkluderer kommunale føretak, interkommunale samarbeid og interkommunale selskap.

Dei mest sentrale indikatorane i kommuneøkonomien er netto driftsresultat, storleiken på disposisjonsfondet og netto lånegjeld. Det er samanheng mellom desse indikatorane som seier noko om kommunens økonomiske tilstand. Netto driftsresultat er hovudindikatoren på den økonomiske situasjonen i kommunane. Netto driftsresultat er summen av alle inntekter trekt frå alle utgifter. Teknisk beregningsutvalg (TBU) tilrår at netto driftsresultat for kommunesektoren bør utgjere 1,75 prosent av brutto driftsinntekt over tid for at formuesbevaringsprinsippet skal bli teke i vare.

Vekst i økonomien bidrog til at kommunesektoren fekk ei uventa auke i skatteinngangen på slutten av 2022. Kommunane fekk kompensasjon for koronarelaterte utgifter og utgifter knytt til flyktningar. For landet (utan Oslo) vart gjennomsnittleg netto driftsresultat 2,7 prosent. Netto driftsresultat i Møre og Romsdal var på 1,9 prosent. Fem av kommunane hadde negativt netto driftsresultat, medan sju hadde netto driftsresultat mellom 0 – 1,75 prosent. Dette viser at mange kommunar har eit kostnadsnivå som er høgare enn dei kan halde fram med på sikt.

Disposisjonsfond er kommunens «sparepengar». Det er tilrådd at disposisjonsfondet minimum bør utgjere 5 prosent av brutto driftsinntekt. Dette gir kommunen handlingsrom til å handtere svingingar i økonomien og kan nyttast til både drifts- og investeringsføremål. Disposisjonsfond skal også brukast om kommunerekneskapen viser meirforbruk. På landsbasis hadde kommunesektoren eit disposisjonsfond på 14,5 prosent av brutto driftsinntekt. I Møre og Romsdal er tilsvarande tal 10 prosent, men med eit spenn frå 0,2 til 133,6 prosent i kommunane.

I gjeldstoppen

Netto lånegjeld i prosent av brutto driftsinntekt er ein anna sentral indikator på den økonomiske tilstanden i kommunane. Gjeldsnivået i Møre og Romsdal er aukande og har aldri vore høgare enn no med 113,1 prosent av brutto driftsinntekt. Høgt gjeldsnivå verker inn på storleiken på renter og avdrag. Da dette er ein driftskostnad, fører det til at tilgjengelege midlar til kommunal tenesteyting blir lågare.

I vårt fylke er lånegjelda høgare, disposisjonsfonda mindre og netto driftsresultat lågare enn landssnittet. Dette gjer at kommunane vert meir sårbare for hendingar som auka lånerente og prisvekst. Det gir også eit mindre handlingsrom for å endre seg i takt med endringar i demografien. Når ein ser netto driftsresultat, disposisjonsfond og netto lånegjeld saman, ser vi at det er meir enn halvparten av kommunane i fylket som må ta grep for å sikre langsiktig og god økonomiforvaltning.

Forrige tema:
Neste tema: