4. Sysselsetting og næringsliv

Reiseliv

Reiselivsnæringa i framgang etter Covid-pandemien

For reiselivsnæringa var 2020 og 2021 to krevjande år prega av restriksjonar som følge av Covid19-pandemien. Sjølv om det i starten av 2022 framleis var enkelte restriksjonar, vart det likevel ein auke i talet på overnattingsdøgn på hotell i 2022. Ser vi heile 2022 under eitt var det 978 780 overnattingsdøgn på hotell mot 823 131 døgn i 2021. Dette gir ein oppgang i overnattingsdøgn på hotell i fylket frå 2021 til 2022 på 155 649 døgn eller 18,9 prosent. Talet på overnattingsdøgn er ikkje heilt tilbake på 2019-nivå, då var talet på overnattingsdøgn på hotell 1 039 452 døgn. Frå januar til og med august månad i 2023 er talet overnattingsdøgn på hotell i fylket 744 435, som gir eit snitt på 93 054 døgn per månad. Dette er høgare enn snittet per månad i 2022.

Ferie- og fritidsmarknaden auka i 2022 og talet på overnattingsdøgn på hotell auka med 66 814 døgn frå 2021 til 2022 som følge av dette. I 2022 var konferansemarknaden tilbake og med det ein auke i overnattingsdøgn på hotell.

Færre nordmenn overnatta i Møre og Romsdal

I 2020 og 2021 var det ein markant nedgang i utanlandske turistar som overnatta på hotell, camping/hytte og vandreheimar i fylket. Dei utanlandske turistane kom attende når landegrensene opna igjen i 2022, noko som førte til ein oppgang i overnattingsdøgn på 134,4 prosent. Det var ein reduksjon på -8,6 prosent i gjestedøgn med norske turistar frå 2021 til 2022.

Det er framleis flest tyskarar som besøker fylket. I 2022 hadde tyske turistar 195 602 overnattingsdøgn i fylket, ein auke på 111 502 døgn frå 2021. Det er nederlandske turistar som prosentvis har hatt størst auke i overnattingsdøgn frå 2021 til 2022 med 312,1 prosent.

Forrige tema:
Neste tema: