Sysselsette i alderen 55 år og eldre
Dei store fødselskulla på 50- og 60-talet vil dei neste 10-15 åra pensjonere seg og må erstattast av ny kvalifisert arbeidskraft. Talet på personar i yrkesaktiv alder vil i same periode gå mykje tilbake, som følgje av lågare fødselstal dei siste tiåra. Det blir med andre ord færre personar som skal løyse vare- og tenesteproduksjonen i åra som kjem.
Ser vi samla på alle sysselsette i alderen 55 år og eldre i fylket, utgjorde dei 32 661 personar av totalt 131 785 sysselsette i 2022. I prosent utgjorde dei 24,8 prosent eller ¼ av alle sysselsette. Då er dei som er yrkesaktive i alderen 67-74 år talt med og det er ikkje skilt på stillingsstorleik eller tilsetjingsforhold.
Stor avgang i transportsektoren og i jordbruk, skogbruk og fiske
I fleire næringar utgjer sysselsette i alderen 55 år og eldre omkring 30 prosent av det samla talet på sysselsette. Både i jordbruk, skogbruk og fiske, transport og lager og elektrisitet, vann og renovasjon utgjer dei sysselsette over 55 år meir enn 30 prosent av alle sysselsette. Om vi ser på tal sysselsette er det i industrisektoren og helse- omsorgssektoren at flest personar må erstattast dei næraste åra. I 2022 var 7 066 personar av dei sysselsett i helse- og omsorgssektoren i fylket over 55 år, tilsvarande var det i industrien 4 981 personar i same aldersgruppe.
Sysselsette over 67 år - ein viktig ressurs
Pensjonssystemet er endra og den som står lenger i arbeid blir «premiert» med høgare årleg pensjonsutbetaling. Tanken bak dette er sjølvsagt å få ned pensjonsutgiftene og få fleire til å stå lenger i arbeid. Trass i desse tiltaka har den gjennomsnittlege pensjonsalderen dei seinare åra, i følgje NAV, vore stabil på 65 år. Sysselsette over 67 år er likevel allereie ein viktig ressurs for arbeidslivet. I aldersgruppa 67-74 år er det i 2022 sysselsett 5 102 personar i fylket. Til dømes er 10,4 prosent av dei sysselsette i jordbruk, skogbruk og fiske i aldersgruppa 67-74 år. Av dei sysselsette over 67 år arbeider 1 765 personar i 100 prosent stilling. Så mange som 2 511 personar over 67 år har ein stillingsstorleik på over 60 prosent.