3. Arbeidsmarknad

Sjukefråvær og arbeidsløyse

Framleis høg sysselsetting i Møre og Romsdal

Per september 2023 var 2 054 personar i Møre og Romsdal heilt arbeidsledige, det er 1,5 prosent av arbeidsstyrken. Dette er under landsgjennomsnittet som er på 1,8 prosent og 4. lågast av fylka. Den låge arbeidsløysa i fylket held dermed fram, sterk prisstiging både på mat og energi kombinert med ei stigande rente, har enno ikkje påverka sysselsettingsgraden.

Det er variasjon i arbeidsløysa mellom kommunane i fylket, men forskjellen har vorte mindre det siste året. Lågast arbeidsløyse er det no i kommunane Aukra, Fjord og Smøla med 0,8 prosent i september 2023. Høgast del arbeidsløyse er det i Sande kommune, med 2,7 prosent. Dette er likevel 0,7 prosentpoeng lågare enn på same tid i fjor.  Av dei tre største byane er arbeidsløysa lågast i Molde med 1,2 prosent. I Kristiansund og Ålesund er arbeidsløysa på 1,7 og 1,5 prosent per september 2023.

Auken i sjukefråvær held fram

Det legemelde sjukefråværet er i 2. kvartal 2023 på 5,8 prosent i Møre og Romsdal, ein auke på 1,5 prosent det siste året. Oppå dette kommer det eigenmelde sjukefråværet som utgjer 1,0 prosent i 2. kvartal 2023.

Det har vore ein jamn auke i det legemelde sjukefråværet i Møre og Romsdal dei siste åra, 2. kvartal 2019 var dette på 5,1 prosent. Det er berre Troms og Finnmark og Nordland som har høgare legemeldt sjukefråvær i 2. kvartal 2023, med 6,3 prosent.

Det legemelde sjukefråværet er nasjonalt på 5,5 prosent, ein oppgang på heile 5,8 prosent om vi samanliknar med 2. kvartal 2022. Møre og Romsdal er det fylket med lågast auke i sjukefråværet det siste året. Størst er auken i Trøndelag, med 7,5 prosent.

Det legemelde sjukefråværet har gått ned i 13 av fylkets 26 kommunar frå 2. kvartal 2022. Prosentvis er reduksjonen størst for lønnsmottakarar busett i Hareid og Gjemnes. Størst auke er det i kommunane Sykkylven, Sande og Vanylven. Det høgaste legemelde sjukefråværet 2. kvartal 2023 finn vi i Vanylven med 8,2 prosent. Lågast er delen i Sunndal kommune med 4,0 prosent.

Det legemelde sjukefråværet er langt høgare for kvinner enn menn, dette gjeld heile landet. I Møre og Romsdal var dette sjukefråværet 7,5 prosent for kvinner mot 4,3 prosent for menn i 2. kvartal 2023.

I følgje NAV er det stor auke i tapte dagsverk grunna muskel- og skjelettlidingar og psykiske lidingar. I 2. kvartalet i 2023 utgjorde sjukefråvær grunna diagnosegruppa psykiske lidingar 23,6 prosent i Møre og Romsdal. NAV Møre og Romsdal sender kvar månad ut pressemelding om utviklinga i arbeidsløyse og sjukefråvær. Dei er å finne på NAV sin nettsider.

Forrige tema:
Neste tema: