9. Tannhelse

Tannhelse hos eldre

Fleire eldre med større behandlingsbehov

Det blir fleire eldre i åra framover, og levealderen aukar. Mange har eit større behov for hjelp og stell, og dette gjeld også å ta vare på den orale helsa. Biverknader av legemidlar og reduksjon av kognitive og fysiske funksjonar kan også føre til problem med den orale helsa. Dette vil også gi eit større behandlingsbehov, og det er derfor behov for ein endå større førebyggande og helsefremmande innsats retta mot denne gruppa.

Tannhelsetenesta med auka tilsyn på institusjonane

Målet er at alle bebuarane på sjukeheimane i Møre og Romsdal skal ha ei akseptabel oral helse utan smerte, ubehag eller alvorlege lidingar i munnen, og ein tilfredsstillande tyggefunksjon.

Tannhelsetenesta har ansvar for å gi helse – og omsorgspersonell opplæring, råd og hjelp tilpassa brukaren sitt behov, og sjukeheimane er ein svært viktig arena for kunnskapsdeling og kompetansebygging om orale helse. Fokus er gjennomgang av samarbeidsrutinar, opplæring, rettleiing og pasientoppfølging.

Tannhelsepersonell sin besøksfrekvens på institusjonane har auka, og  i 2022 vart det utført fleire regelmessige besøk. Det vart i 2022 gjennomført 218 besøk på institusjonar i fylket av ulik storleik. Dette er litt lågare enn målsettinga på 244 besøk. Måltala er ikkje oppnådd, men dei viser ei positiv utvikling med hyppigare tilsyn ved institusjonane i 2022 enn året før. Stort behandlingsetterslep som følge av pandemien, samt mangel på personellressursar ved enkelte klinikkar, er hovudårsakene til at måla ikkje er nådd.

Forrige tema:
Neste tema: