Fleire eldre og færre yngre sett press på eldreomsorga
Det raskt aukande talet på eldre har sett eldreomsorga på dagsorden i alle kommunar landet over. Dei neste 10-15 åra vil talet på eldre i fylket auke mykje, til dømes vil talet på eldre over 80 år auke med 84,6 prosent til 2038. Dette vil medføre auka behov i eldreomsorga og auka press på helse- og omsorgssektoren i kommunane.
Samtidig veit vi at det har vore lågare fødselstal dei siste tiåra og spesielt låge dei siste 10 åra. Det gjer at det framover blir færre i yrkesaktiv alder sett i forhold til eldre, enn vi har vore vande med fram til i dag. Vi må innstille oss på at det i framtida blir færre yrkesaktive til å løyse behovet for vare- og tenesteproduksjon.
Allereie ser vi utfordringar i rekrutteringa til helse- og omsorgsyrka, og dette vil sannsynlegvis bli enno meir krevjande i åra som kjem. Den regjeringsnedsette Helsepersonellkommisjonen understrekar dette og ser behovet for å endre kursen i eldreomsorga. Eldreomsorga må i følge kommisjonen bli meir berekraftig og tilpassast andre behov i samfunnet. Med tanke på vanskane med å rekruttere kompetanse og arbeidskraft generelt, er det ikkje mogleg framover å auke talet på helsepersonell i same takt som tidlegare. Som følge av den store auken i talet eldre og rekrutteringsutfordringane i helsesektoren, må talet på helsepersonell per brukar ned. Det krev, i følgje kommisjonen, ein meir effektiv bruk av helsepersonellet framover.
Prognose for 2038; nær dobling i tal eldre som treng hjelp av kommunen
I Kostra-rapporteringa (Kommune-stat-rapporteringa) til SSB legg kommunane inn data på ei rekke fagområde. Helse- og omsorg er ein av sektorane som leverer mykje data i denne rapporteringa. Kommunane rapporterer mellom anna inn bruken og omfanget av fleire omsorgstenester. Eit døme på dette er innrapporteringa av kor stor del av eldre over 80 år som brukar heimetenester og eldre over 80 år med institusjonsopphald.
Ved å sjå på talet brukarar i dag og framskrive talet brukarar i tråd med veksten i talet eldre, viser dette dei utfordringane helse- og omsorgssektoren står ovanfor dei neste tiåra. I 2022 var det 4 303 innbyggarar i fylket som hadde ei eller anna form for heimeteneste, dette vil auke til 8 076 personar i 2038. Tilsvarande var det 1 475 innbyggarar over 80 år som i 2022 hadde institusjonsopphald, dette vil auke til 2 769 personar i 2038. Vi føreset her at ein like stor del eldre over 80 år vil ha behov for tenester i 2038 som i dag. Prognosane på sikt er at vi lever lenger og blir friskare. Forsking indikerer at eldre i snitt vil vere hjelpetrengande i færre år enn dei var for nokre tiår sidan. Auken i talet eldre gjer likevel at det blir ei stor auke i talet eldre med hjelpebehov (jmf. artikkel Aldring og helse - Nasjonalt senter). Det betyr at ein med ei slik framskriving ikkje nødvendigvis treff heilt blink med talet på eldre med omsorgsbehov, men det gir ein god indikasjon på korleis auken i talet eldre vil påverke behova i eldreomsorga framover.