13. Bustadmarknaden

Igangsette og fullførte bustadar

Ytterlegare fall i talet på igangsette bustadar

Bustadmarknaden er sterkt påverka av svingingar i økonomien. Ein generell prisauke og stigande rente påverkar i mange samanhengar aktiviteten i denne marknaden. Knappheit på bustadar kan likevel føre til auka prisar i delar av landet. I 2022 var det i fylket igangsett 1 051 bustadar mot 1 119 bustadar i 2021, ein nedgang på -68 bustadar eller -6,1 prosent. Ser vi heile landet under eitt har det vore ein nedgang på -364 igangsettingar, noko som utgjer ein nedgang på -1,2 prosent. I 2020 vart det igangsett 1 296 bustadar i fylket, det gir ein nedgang i talet på igangsette bustader i perioden 2020-2022 på -245 bustadar.

Av dei tre største byane i fylket var det berre Molde som hadde nedgang i talet på igangsette bustadar i 2022. Der vart det i 2022 igangsett 54 bustadar, ein nedgang på -51,4 prosent frå 2021. Til samanlikning var det i Ålesund ein vekst i talet på igangsette bustadar på 16,6 prosent og i Kristiansund ein auke på 1,0 prosent dette året.

Flest bustadar i rekkehus er fullført i perioden 2018-2022

Det er store forskjellar i kva for bustadtypar som pregar bustadmarknaden i den enkelte kommune i fylket. I dei tre største byane er rekkehus og blokker ein klart større del av bustadmarknaden enn i dei andre kommunane.

I perioden 2018-2022 vart det fullført 2 032 bustadeiningar i rekkehus, 678 i blokker og 1 738 einebustadar. Som følgje av storleiken på kommunen er det ikkje unaturleg at det er i Ålesund det blir fullført flest bustadar. I perioden vart det fullført 740 bustadeiningar i rekkehus, 629 i blokker og 416 einebustadar i kommunen. Dette utgjer 35 prosent av alle nye bustadar i Møre og Romsdal i perioden. Kommunen har til samanlikning 25 prosent av innbyggarane i fylket.

Det er spesielt når det gjeld bygginga av blokker at det er stor skilnad mellom kommunane. I 11 kommunar er det ikkje bygd blokker i perioden 2018-2022. Dette er kommunar i fylket med lågast sentralitet, der det er andre bustadbehov. Det er berre to kommunar i fylket (Fjord og Sunndal) som ikkje har bygd rekkehus dei siste fem åra.

Forrige tema:
Neste tema: