8. Utdanning og kompetanse

Fagskole

Variert fagskoletilbod i fylket

Det er eit breitt utval av fagskoletilbod i Møre og Romsdal. Det er tre skolar som våren 2023 gir tilbod på fagskolenivå, størst er den offentlege Fagskolen i Møre og Romsdal. Det er Møre og Romsdal fylkeskommune som har ansvaret for drifta av Fagskolen i Møre og Romsdal, på lik linje med dei vidaregåande skolane. I tillegg til fylkeskommunen sitt fagskoletilbod, har fagskolen i Viken og Ytre Kunstfagskole tilbod i fylket. Ytre Kunstfagskole er ein privat fagskole.

Fagskolane gir utdanning som bygger på ei fagutdanning frå vidaregåande opplæring. Det er fagbrev frå vidaregåande opplæring eller realkompetanse som er kravet for inntak på desse tilboda. Mange av tilboda er innanfor dei tekniske og maritime fag, men det er óg tilbod innan helsefag og kunstfag.  

Svak auke i talet på fagskoleelevar det siste året

Talet på fagskoleelevar auka med 5 elevar eller 1,4 prosent frå våren 2022 til våren 2023. Våren 2023 var det 370 elevar, til samanlikning var det 435 elevar i fagskolane våren 2019.

Fagskolen i Møre og Romsdal har avdelingar i Ålesund og Kristiansund. Ved avdelinga i Ålesund var det 220 elevar våren 2023 mot 210 studentar våren 2022. Elevtalet ved avdelinga i Ålesund har vore relativt stabilt dei siste 4 åra, etter ein topp i 2019 med 300 elevar ved skolen. Ved fagskolen si avdeling i Kristiansund var det 105 elevar våren 2022, dette har auka til 125 elevar våren 2023. Elevtalet ved Fagskolen i Møre og Romsdal har auka med 30 elevar frå 2022 til 2023. Det var 10 elevar ved Fagskolen i Viken sitt tilbod i fylket våren 2023 og 15 elevar ved Ytre kunstfagskolen.

Tidlegare har Fagskolen Aldring og helse hatt eit skoletilbod i fylket, dei har ikkje elevar i Møre og Romsdal våren 2023.

Forrige tema:
Neste tema: