8. Utdanning og kompetanse

Oppfølgingstenesta (OT)

Mange har ikkje søkt om skole- eller læreplass

Oppfølgingstenesta (OT) følger opp ungdom mellom 16-21 år som ikkje går på skole eller jobbar. OT gir ungdom i denne gruppa hjelp til å søkje vidaregåande opplæring, få praksisplass, få arbeid eller kome i kontakt med rett hjelpeinstans.

Oppfølgingstenesta i Møre og Romsdal fekk tilmeldt 1 455 ungdommar for skoleåret 2022-2023. Av desse hadde 773 ungdommar arbeid, skole- eller læreplass når OT tok kontakt med dei. 682 ungdommar hadde behov for vidare oppfølging.

45 prosent av dei som hadde behov for vidare oppfølging av OT blei kontakta fordi dei ikkje hadde søkt om skole- eller læreplass, eller hadde takka nei til vidaregåande opplæring. Dette gjeld 307 elevar, som svarer til elevtalet i 10-20 klassar i den vidaregåande skolen.

Delen som ikkje har søkt skole- eller læreplass er høgare blant gutar (58 prosent). Det er også fleire gutar som takker nei til vidaregåande opplæring.

200 ungdommar i Møre og Romsdal fekk arbeidspraksis gjennom NAV. Landsgjennomsnittet for denne gruppa er på 8 prosent, og i Møre og Romsdal er det 14 prosent av ungdommane i OT som har arbeidspraksis gjennom NAV. Samarbeidet mellom OT og NAV i Møre og Romsdal er godt, og ungdommar som er i arbeidspraksis gjennom NAV kan seinare få læreplass i same bedrifta.

Talet på ungdommar som OT ikkje har greidd å kome i kontakt med er prosentvis på same nivå som åra før. OT må framleis arbeide med å få ned talet på ukjende ungdommar. Talet på ungdom som er for sjuke til å vere i aktivitet, eller er i behandling er litt lågare enn i fjor. For skoleåret 2021-2022 var talet 160, og for 2022-2023 er talet 120 elevar.

151 ungdommar har hatt oppfølging og rettleiing frå OT utan å vere i anna aktivitet. I fjor var talet 146. Årsaka til at ungdom ikkje er i aktivitet kan vere at dei har samansette utfordringar og treng hjelp frå fleire instansar for å få finne tiltak som passar. Etter behov deltek OT saman med ungdommen og eventuelt føresette på møter med andre hjelpeinstansar.

Meir informasjon om ungdom i oppfølgingstenesta finn de på Udir sine nettsider.

Forrige tema:
Neste tema: