5. Forsking og utvikling

Skattefunn

Skattefunn-ordninga gir eit viktig incentiv til FOU-aktivitetar

Skattefunn-ordninga er ei skattefrådragsordning som gir norske bedrifter skattefrådrag for 19 prosent av kostnadane til forskings- og utviklingsprosjekt. Ordninga blir administrert av Forskningsrådet i samarbeid med Skatteetaten. Det må søkast til Norges Forskningsråd for å få innvilga denne forma for støtte.

I 2022 var det tildelt støtte gjennom Skattefunn-ordninga til 5 459 prosjekt. Ikkje uventa er flest prosjekt tildelt bedrifter i Oslo, der fekk 1 493 bedrifter støtte frå ordninga. I Møre og Romsdal var det 260 prosjekt som fekk støtte i 2022. Bedrifter i Troms og Finnmark fekk færrast tildelingar, der vart det tildelt støtte til 72 forskings- og utviklingsprosjekt.

Når det gjeld støtta i form av skattefordelen var det også Oslo som var størst med ei støtte på over 1,4 milliardar kroner. Etter det følger verksemder i Viken, som har fått 737,4 millionar i støtte. Minst støtte har gått til prosjekt i Troms og Finnmark med 55,8 millionar. Verksemder i Møre og Romsdal fekk i 2022 tildelt 163,7 millionar frå Skattefunn-ordninga. Det er 29,1 millionar kroner mindre enn i 2021 og det lågaste sidan 2014.

Nedgang i tildelinga frå Skattefunn-ordninga

Skattefunn-ordninga er mykje brukt, noko talet på søknader er ein klar indikasjon på. Bedrifter i Møre og Romsdal har fått tildelt betydeleg støtte frå ordninga. I perioden 2012-2022 har bedrifter i Møre og Romsdal mottatt over 2,3 milliardar i støtte frå ordninga. I perioden 2012-2017 auka tildelingane til bedrifter i Møre og Romsdal kvart år med ein topp i 2017, med ei tildeling på 312,5 millionar. I åra 2018-2022 har tildelinga til verksemder i Møre og Romsdal gått ned.

Forrige tema:
Neste tema: