16. Personinntekt

Personinntekt

Lågare inntekter i fylket enn i landet elles

Den gjennomsnittlege bruttoinntekta i Møre og Romsdal var 512 200 kroner i 2021 mot 546 400 kroner for landet. Det gir ein forskjell i den gjennomsnittlege bruttoinntekta samanlikna med landet på 34 200 kroner eller 6,7 prosent. Gjennomsnittsinntekta kan i enkelte kommunar bli høg, om ein del av befolkninga har ekstraordinære høge inntekter. Ved å sjå på brutto medianinntekt unngår ein denne effekten.

Møre og Romsdal kjem litt betre ut om vi brukar medianinntekta som mål. I Møre og Romsdal var medianinntekta 433 800 kroner i 2021, mot 445 500 kroner for landet. Brutto medianinntekta er då 11 400 kroner lågare i Møre og Romsdal enn dei nasjonale tala. Det betyr at medianinntekta i Møre og Romsdal utgjer 97,4 prosent av medianinntekt nasjonalt. Det er berre i kommunane Molde, Ålesund, Sula og Giske at medianinntekta er høgare enn for landet.

Lønsforskjellen mellom kvinner og menn auka i 2021

Gjennomsnittleg bruttoinntekt for menn var i 2021 på 613 400 kroner, tilsvarande for landet er 651 400. For kvinnene i Møre og Romsdal er gjennomsnittleg bruttoinntekt 409 000 kroner, mot 440 400 kroner nasjonalt. Dette gir ein lønnsdifferanse mellom menn og kvinner i fylket på 204 400 kroner. Kvinnene si inntekt utgjer 66,7 prosent av mennene si gjennomsnittlege bruttoinntekt. Dette er ein ytterlegare nedgang frå 2020, då kvinner si inntekt i Møre og Romsdal utgjorde 68,2 prosent av mennene si inntekt. Det er i Gjemnes kvinnene tener best i forhold til mennene i kommunen. Der utgjer kvinnene si inntekt 73,3 prosent av mennene si gjennomsnittsinntekt. Til samanlikning utgjer kvinnene si inntekt i Herøy kommune 54,5 prosent av mennene si inntekt. Herøy kommune er den einaste kommunen i fylket der gjennomsnittsinntekta er høgare enn snittet for landet.

Forrige tema:
Neste tema: