Andelen av befolkninga som eig aksjar flatar ut
Det er framleis stor forskjell mellom menn og kvinner når det gjeld kjøp av aksjar. Ved utgangen av 2024 eigde 22,4 prosent av alle menn i fylket aksjar. Til samanlikning var det berre 10,0 prosent av kvinnene i fylket som eigde aksjar. I denne samanhengen er det eigarskap av aksjar i aksjeselskap (AS) og allmenne aksjeselskap vi snakkar om, andelar i fond er ikkje rekna med.
Delen av befolkninga som eig aksjar har flata ut dei siste tre åra. I åra 2015-2021 var det ein sterkare vekst i delen av befolkninga som eigde aksjar. Ser vi befolkninga i fylket under eitt var det 12,1 prosent i 2015 som eigde aksjar, noko som har auka til 16,3 prosent i 2024. Andelen som eig aksjar i Møre og Romsdal, både blant kvinner og menn, er nær landsgjennomsnittet.
Det er i stor grad menn som mottek utbytte
I 2024 var det 26 731 personar i Møre og Romsdal som mottok utbytte. Dette fordelte seg på 18 614 menn og 8 117 kvinner. Det er med andre ord over dobbelt så mange menn enn kvinner som får utbetalt utbytte. Sidan 2014 har talet på personar som mottok utbytte i fylket auka frå 17 701 personar til 26 731 personar i 2024, ein auke på 9 030 personar.
Det er ikkje uventa at det er mennene som sit igjen med mest utbytte i kroner og øre, når ein ser kor stor forskjell det er mellom kjønna i forhold til å motta utbytte. I 2024 vart det i Møre og Romsdal utbetalt 3,589 milliardar kroner, av dette mottok menn 2,920 milliardar kroner. Dette utgjer ein andel på 81,2 prosent av det totale utbyttet som er betalt ut.
Skeiv kjønnsbalanse i styrer og blant daglege leiarar
Nye reglar for å betre kjønnsbalansen i norske styre er no innført, desse blir innført trinnvis dei neste åra. Det er grunn til å tru at dette vil endre kjønnsbalansen i styreromma i åra som kjem. I aksjeselskap i Møre og Romsdal var det totalt 37 052 styrerepresentantar i 2025. Av desse var 7 735 kvinner, noko som utgjer 26,2 prosent av alle styrerepresentantar. Talet på kvinnelege styrerepresentantar auka frå 2024 til 2025 med 4,4 prosent i Møre og Romsdal. Nasjonalt auka talet på kvinnelege styrepresentantar i aksjeselskap med 4,9 prosent dette året.
I 2025 var det 13 309 dagleg leiarar i aksjeselskap i fylket. Av desse var 11 309 menn og 2 206 kvinner. Med andre ord er det ein klar overvekt av menn som innehar denne rolla. Berre 16,6 prosent av dei daglege leiarane var kvinner. Talet kvinnelege daglege leiarar i aksjeselskap i fylket, gjekk ned med 1,0 prosent frå 2024 til 2025.