4. Sysselsetting og næringsliv

Fiskeri og havbruk

Nedgang i antal fiskarar

I 2024 var det oppført 2 249 personar i fiskarmanntalet frå Møre og Romsdal. Dette fordelte seg på 2 139 personar som hadde fiske som hovudyrke og 110 personar som hadde det som biyrke. Talet på fiskarar gjekk ned frå 2 263 fiskarar i 2023, ein nedgang på 14 fiskarar. Totalt for heile landet var det i 2024 oppført 10 608 fiskarar i fiskarmanntalet, av desse var det 9 473 personar som hadde dette som hovudyrke. Talet på registrerte fiskarar gjekk ned nasjonalt med 225 personar frå 2023 til 2024.

Det er i all hovudsak menn som er fiskarar. I 2024 var det i Møre og Romsdal 111 kvinner som hadde dette som hovudyrke mot 2 028 menn. I heile landet var det i 2024 registrert 502 kvinner som hadde fiske som hovudyrke.

Møre og  Romsdal var det fylket som hadde flest fiskarar registrert i 2024. Nest etter Møre og Romsdal var det Nordland som hadde flest, med 2 147 fiskarar.

Nedgang i fiske

Fartøy frå Møre og Romsdal fiska i 2024 totalt 505 284 tonn pelagisk fisk, torsk, flatfisk (annan botnfisk og djupvassfisk), skalldyr og bruskfisk. Dette er ein nedgang på 35 378 tonn eller 6,5 prosent sidan 2023. Størst nedgang var det i fiske etter torsk og torskearta fisk. I 2024 var det fiska 136 014 tonn av desse artane, ein nedgang frå 162 344 tonn i 2023. Reduserte torskekvotar er nok hovudårsaka til nedgangen i torskefiske. Det var i 2024 oppgang i fiske etter flatfisk og bruskfisk (haifisk, skater, rokke og havmus) samanlikna med 2023.

Nedgang i slakta matfisk frå akvakulturnæringa

Det vart i 2024 produsert 125 765 tonn matfisk i akvakulturnæringa i fylket, ein nedgang på -94 069 tonn eller -42,7 prosent frå 2023. Dette representerer ein nedgang i salet på over 6 milliardar i Møre og Romsdal. Nordland hadde òg ein liten nedgangen i produsert matfisk i 2024, men var det fylket med høgast produksjon med 360 192 tonn. Totalt for heile landet auka produksjonen av matfisk i akvakulturnæringa med 16 032 tonn. Det var likevel ein nedgang i inntektene på nærare 3,9 milliardar eller -3,4 prosent samanlikna med 2023. Variasjon i prisane på laks internasjonalt er nok hovudårsaken til nedgangen i inntektene i 2024.

Forrige tema:
Neste tema: