Nedgang i friluftslivsaktiviteten i Møre og Romsdal
Deltakinga i friluftsaktivitetar er framleis svært høg i Møre og Romsdal, syner den siste levekårsundersøkinga frå SSB. Likevel har det vore ein markant nedgang i den totale friluftslivsaktiviteten frå koronaåret 2021 og fram til 2024. Nedgangen i aktivitet gjeld heile landet, men nedgangen i Møre og Romsdal har vore markant større. Frå 98 prosent deltaking i 2021 til nær 95 prosent i 2024. I 2021 låg Møre og Romsdal høgare enn landet elles på 16 av 22 kategoriar, medan tala for 2024 viser at Møre og Romsdal ligg høgare på berre er 9 av 22 kategoriar. Både når det gjeld den totale aktiviteten, men også for kategoriane gå-tur i parkar eller natur i nærleiken av bustad, ulike kategoriar innan ski- og skøyteaktivitet, båtturar, bading, og overnatting ute har gått tilbake. Møre og Romsdal ligg no lågare enn landet elles når det gjeld desse aktivitetane.
For haustingsaktivitetar som sopp- og bærsanking ser vi ein motsett trend, der vi i Møre og Romsdal er i ferd med å utjamne forspranget til dei andre fylka. Vi ser også ein positiv trend for det organiserte friluftslivet.
2021 var eit «pandemi-år», der mange søkte ut i naturen. Dette ga høge tal i 2021 og kan truleg forklare noko av nedgangen i 2024. Nedgangen i ski- og skøyteaktiviteten kan skuldast ein mild og snøfattig vinter. Vi ser likevel at oppgangen i andre aktivitetar ikkje gjer opp for denne nedgangen, noko som gir ein nedgang i den totale aktiviteten.
Auke i bærplukking og organiserte aktivitetar kan tyde på endra motivasjon i befolkninga – frå fysisk aktivitet til oppleving og fellesskap.