15. Bustadmarknaden

Buforhold

I alle kommunar i Møre og Romsdal eig fleirtalet av hushalda sin eigen bustad

72 prosent av hushaldingane i Møre og Romsdal er sjølveigarar, mens 21 prosent leiger bustad. Dei resterande 7 prosentane av hushalda er i burettslag eller aksjesameige. Sjølveigerandelen blant hushalda i fylket har vore stabil dei siste åra, mens leigeandelen har auka marginalt.

Sjølveigerandelen er jamt over lågare i byane enn i distrikta, men samtidig er også burettslag og aksjesameige vanlegare i byane og større tettstader enn i distrikta. Den høgste sjølveigerandelen finn vi i Giske med 86,0 prosent, mens Sunndal har den lågaste med 60,2 prosent. Volda har flest hushald som leiger bustad (31,9 prosent), mens andelen er lågast i Giske (13,1 %). Sunndal har størst andel hushald i burettslag eller aksjesameige, med 24,1 prosent.

Einebustadar er den klart vanlegaste bustadtypen i Møre og Romsdal. 59,5 prosent av alle hushald i fylket bur i einebustad, men andelen har minka noko dei siste ti åra (frå 62,7 prosent i 2015). Andelen hushald som bur i blokk har i same periode auka mest, frå 9,4 prosent i 2015 til 10,9 prosent i 2024.

Langt større andelar bur i einebustad i distrikta enn i byane. Hushaldningane i Kristiansund har den mest varierte bustadstrukturen, og den lågaste einebustadandelen i fylket med 38,4 prosent. Hushaldningane på Smøla har den mest einsidige bustadstrukturen, og den høgaste einebustadandelen med 90,2 prosent.

Færre bur trongt

Om ein bur trongt brukast ofte som ein levekårsindikator. Det kan seie noko om eit hushalds materielle og økonomiske føresetnadar for eit godt liv, og den enkelte si moglegheit for privatliv, leik og kvile. SSB definerer trongbuddheit som anten at tal rom i bustaden er mindre enn tal busette, at ein person bor på eit rom, eller at arealet (P-rom) av bustaden er lågare enn 25 kvadratmeter per busett.

I Møre og Romsdal bur 6,9 prosent av befolkninga trongt per 2024. Det er den nest lågaste andelen blant alle fylka i landet, og langt lågare enn landssnittet på 9,7 prosent. Trenden for Møre og Romsdal er også at færre bur trongt enn før. Andelen er ned frå 7,5 prosent i 2015. Den einaste kommunen i Møre og Romsdal som ligg over landssnittet for trongbuddheit er Volda, med 10,7 prosent.

Store variasjonar i utviklinga av bukostnadar

Kostnadane med å bu og å eige bustad har auka i dei fleste kommunar i Møre og Romsdal. For ein «vanleg» sjølveigarbustad, av SSB definert som ein bustad på 120 kvadratmeter, har summen av kommunale gebyr i snitt for Møre og Romsdal auka med 6 prosent frå 2024 til 2025. Endringane varierer kraftig mellom kommunane i fylket. I Herøy og Ulstein auka gebyra med 20 prosent i same periode, mens dei minka med 10 prosent i Sunndal.

Forrige tema:
Neste tema: