Auka tildelingar frå Innovasjon Norge
I følge Innovasjon Norge sin årsrapport bidrog dei med over 10 milliardar kroner i ulike former for støtte til norsk næringsliv i 2024. Tildelingane blir gitt i form av tilskot, lån eller garantiar. Dette er viktige bidrag for å fremme innovasjon og vekst for lokalt næringsliv. For mange gründerar har eit bidrag frå Innovasjon Norge vore viktig i starten av ei etablering. Nasjonalt fekk gründerar i 2024 tildelt 1,5 i milliardar i ulike former for støtte. I 2024 fekk verksemder i Møre og Romsdal tildelt midlar frå Innovasjon Norge i form av 389,8 millionar kroner i lån, 219,0 millionar kroner i tilskot og 24,2 millionar kroner i garantiar. Det vart med andre ord tildelt verksemder i Møre og Romsdal støtte frå Innovasjon Norge på 633 millionar i 2024, dette er ein oppgang på 17 millionar frå 2023.
Det er verksemder i fiskeri- og oppdrettsnæring i fylket som fekk mest støtte frå Innovasjon Norge i 2024, med ei tildeling på 157 millionar. Verksemder i næring for forsyning av elektrisitet, gass, damp og kjøleluft fekk tildelt 89 millionar kroner, mens verksemder i industrien fekk i 2024 tildelt støtte på 90 millionar kroner.
Nedgang i kostnader til eigenutført forskings- og utviklingsarbeid
Frå 2022 til 2023 gjekk utgiftene til eigenutført FOU i fylket ned med 98 millionar kroner, til 1 498 millionar kroner. Kostnadene til innkjøp av FOU gjekk opp i 2023 til 172 millionar kroner, ein oppgang på 6 millionar kroner frå 2022. Med reduserte midlar til FOU-aktivitet fall både talet på personell som er involvert i dette arbeidet og talet på årsverk. Talet på FOU-årsverk fall frå 1 003 årsverk i 2022 til 969 årsverk i 2023. Det er òg ein svak nedgang i talet på personar med høgare grads utdanning som utfører FOU-aktivitetar. I 2022 var det 560 personar med høgare grads utdanning som jobba med FOU i fylket, noko som gjekk ned til 553 personar i 2023.