Auke i fastlandseksporten
Økonomien har dei siste åra vore prega av meir uro enn vi har vore vande med på lenge. Fastlandseksporten frå Møre og Romsdal gjekk ned frå 2019 til 2020, frå 45, 144 milliardar kroner til 42,567 milliardar kroner. I 2020 vart samfunnet sterkt prega av Covid-19 pandemien og restriksjonane som då vart innført. Eksporten tok seg opp igjen i 2021 og auka til 47,988 milliardar kroner. I 2022 var fastlandseksporten frå fylket på 57,989 milliardar kroner, ein auke frå 2021 på 10,001 milliardar kroner.
Dei siste åra har økonomien vore påverka av ei rekke forhold. Krig i Europa, prisstigning, auka rente og ei svak krone er forhold som har påverka økonomien. For eksportnæringane er ikkje ei svak krone utdelt negativ, då norske varer blir rimelegare for våre handelspartnarar å kjøpe. På den andre sida blir importvarer dyrare, noko som påfører både bedrifter og privatpersonar auka kostnader. Eksportbedrifter kan dermed oppleve prisstigning på viktige innsatsfaktorar som følge av den svake krona. Trass i denne uroa aukar framleis fastlandseksporten frå Møre og Romsdal. I 2023 var fastlandseksporten frå fylket på 61,321 milliardar kroner, dette auka til 63,869 milliardar kroner i 2024. I prosent auka eksporten frå fylket med 4,2 prosent frå 2023 til 2024. For landet som heile var veksten i fastlandseksporten i same periode på 0,4 prosent.
Møre og Romsdal eksporterer mest per sysselsett
Det er framleis Vestland som i kroner og øre har høgast fastlandseksport. I 2024 eksporterte Vestland for 140,741 milliardar kroner. Som ein god nummer to er Møre og Romsdal med ein eksport i same periode på 63,869 milliardar kroner. Akershus er det fylket som hadde lågast fastlandseksport i 2024 med 8,217 milliardar kroner. Oslo hadde ein fastlandseksport i 2024 på 17,478 milliardar kroner.
I følge Menon Economics si eksportmelding for 2025 er det Møre og Romsdal som har høgast eksport (utan olje og gass) per sysselsett. Møre og Romsdal eksporterte i 2024 for 753 000 kroner per sysselsett, mens Vestland som er neste på lista eksporten for 700 000 kroner per sysselsett. Lågast eksport per sysselsett i 2024 var det i Innlandet med 188 000 kroner.