Positiv nettoflytting til Møre og Romsdal
Møre og Romsdal hadde i 2024 ei positiv nettoflytting på 1 673 personar. I nettoflyttinga er både innanlandsflyttinga og nettoinnvandringa rekna med. Med ei negativ innanlandsflytting på -333 personar, var det innvandringa som er årsaka til ei positiv nettoflytting. Totalt var det 14 122 personar som flytta eller innvandra til fylket i 2024, mens det var 12 449 personar som flytta eller utvandra frå Møre og Romsdal.
Mange fylke med negativ innanlandsflytting
Heile 10 fylke hadde negativ innanlandsflytting i 2024. Størst flytteunderskot var det i Nordland med -2 497 personar, tett følgt av Oslo med -2 161 personar. Akershus hadde det størst flyttoverskotet med 7 222 personar. Det var òg flytteoverskot i Østfold og Rogaland med høvesvis 1 183 og 1 033 personar.
Møre og Romsdal hadde eit innanlandsflytteunderskot på -333 personar i 2024. Dette er ein nedgang frå 2023 då flytteunderskotet i fylket var på -402 personar. Tidlegare har innvandrarbefolkninga utgjort den største delen av flytteunderskotet, dette har ikkje vore tilfelle dei to siste åra. I 2024 var flytteunderskotet på -149 personar for innvandrarbefolkninga, mens det var -183 personar for den resterande delen av befolkninga.
I aldersgruppa 16-29 år var det i 2024 eit innanlandsk flyttetap på 700 personar, dette er noko lågare enn året før, då var underskotet på 871 personar i denne aldersgruppa. I 2022 og 2023 var det innlandsk flyttetap i aldersgruppa 67 år og eldre, dette er snudd til eit lite pluss i 2024. Størst innanlandsk flytteoverskot er det for personar i 30-åra med 119 personar, dette er noko lågare enn i 2022 og 2023.
22 kommunar med nettoflytteoverskot
Ser ein både innanlandsflyttinga og innvandringa under eitt var det 22 kommunar i fylket som hadde eit nettoflytteoverskot i 2024. Alle dei tre største byane i fylket hadde eit nettoflytteoverskot. Størst var flytteoverskotet i Ålesund med 554 personar, mens det i Molde og Kristiansund var på høvesvis 313 og 212 personar. Størst nettoflytteunderskot var det i Rauma med eit underskot på -88 personar. Her må det leggast til at Rauma har asylmottak noko som vil påverke flyttestraumen til og frå kommunen.