Nedgang i midlar brukt på bibliotek
Norsk kulturindeks 2024 viser at dei fylkeskommunale utgiftene i Møre og Romsdal til bibliotek- og bibliotekutvikling har gått kraftig ned i perioden 2015-2024.
I 2015- tala frå Norsk kulturindeks brukte norske fylkeskommunar samla sett 192 millionar kroner på bibliotek- og bibliotekutvikling i Noreg. Av dette var 12,8 millionar kroner i Møre og Romsdal fylkeskommune. I 2024 blei det rapportert at norske fylkeskommunar brukte 163 millionar kroner til saman på bibliotek og bibliotekutvikling. Av desse hadde Møre og Romsdal brukt 2,6 millionar kroner. I perioden 2015-2024 har det vore ein jamn nedgang på 15 prosent samla sett på landsbasis når det gjeld fylkeskommunale midlar brukt på bibliotek. For Møre og Romsdal fylkeskommune har nedgangen i same periode vore på 79 prosent.
Fylkeskommunale utgifter til bibliotek per innbyggar i Møre og Romsdal hadde ein nedgang på 80 prosent i perioden 2015 til 2024. Til samanlikning har Nordland fylkeskommune i same periode hatt ein nedgang på 18 prosent. Samanlikna med andre fylkeskommunar og landsgjennomsnittet, bruker Møre og Romsdal fylkeskommune lite ressursar på bibliotek. Samla sett har nedgangen for fylkeskommunane i Noreg i same periode vore på 20 prosent.
Møre og Romsdal fylkeskommune ligg per 01.01.2024 rundt 20 kroner under landsgjennomsnittet for det fylkeskommunane bruker på bibliotek per innbyggar. Nordland fylkeskommune bruker om lag 57 kroner meir per innbyggar på bibliotek enn Møre og Romsdal fylkeskommune.
Norsk kulturindeks 2024 viser at utgiftene kommunane i Møre og Romsdal har på bibliotek er synkande. I perioden 2015-2024 viser tala at norske kommunar samla sett har hatt ein relativt jamn, men svak nedgang, frå 368 kr per innbyggar til 360 kr per innbyggar. Kommunane i Møre og Romsdal bruker mindre enn landsgjennomsnittet. I kommunane i Møre og Romsdal har det vore ein nedgang på 327 kr mot 310 kr per innbyggar i høvesvis 2015 og 2024. På landsbasis er nedgangen 2 prosent, medan kommunane i Møre og Romsdal har ein nedgang på 5 prosent. Kommunane i Møre og Romsdal bruker 14 prosent mindre på bibliotek per innbyggar enn landsgjennomsnittet.
Kjelde: Norsk kulturindeks 2024,
kapittel 2.1 Kommunale utgifter til kultur Kulturindeks
kapittel 2.2 Fylkeskommunale utgifter til kultur Kulturindeks