7. Folkehelse

Helsevanar barn og unge

Nokre helsevanar hos ungdom gir grunn til bekymring  

Ungdom i fylket har stort sett god helse og trivsel, men samtidig viser tal frå Ungdata i 2024 utfordringar knytt til auka skjermtid, uregelmessig søvn, høgt inntak av energidrikke og psykiske belastningar som stress og ein kjensle av å vere nedstemt.

Psykisk helse

Det er stor variasjon i utbreiinga av psykiske plagar i fylket og sidan 2019 har omfanget vore nokså stabilt. På ungdomstrinnet svara 15 prosent av elevane i 2024 at dei hadde kjent på mange psykiske plager siste sju dagane. Det er fleire jenter enn gutar med psykiske plager, med 22 prosent mot 8 prosent som rapporterer at dei har kjent på mange psykiske plager siste sju dagane. Dette er likt som landet. Det er tydelege samanhengar mellom psykiske plagar og tilfredsheit med livet. Ungdom som trivst på skolen og har tru på framtida melder om færre psykiske plagar. Kommunane med høgare prosentdel jenter og gutar som har hatt mykje psykiske plagar siste sju dagane, har også lågare prosentdel ungdom som er tilfreds med livet.

Skjermtid

Skjermtid er ein sentral del av kvardagen til ungdom og mange bruker mykje tid på mobil og PC. Det er stor variasjon når det gjeld kor mykje skjermtid barn og unge har i løpet av ein vanleg dag. Allereie frå 5. trinn svarar både jenter og gutar at dei brukar tre timar eller meir på skjerm dagleg utanom skoletid. Talet aukar med alderen fram til 10. trinn, der heile 81 prosent av jentene og 79 prosent av gutane seier dei brukar minst tre timar framfor ein skjerm kvar dag, før det avtek litt på vidaregåande skole.

Det er liten endring i utviklinga i skjermbruken mellom undersøkinga i 2021 og 2024, men den er framleis høg med over 70 prosent som seier dei har skjermtid på tre timar eller meir dagleg.

Søvnvanar

Fleire ungdommar i fylket har søvnvanskar. På ungdomstrinnet seier 56 prosent at dei har hatt søvnvanskar den siste veka, mot 63 prosent på vidaregåande. Dette er likt med landet, men for landet er tala for ungdomstrinnet og vidaregåande skole slått saman. Søvnvanskar påverkar kvardagen og over halvparten svarar at dei minst ein dag siste veka har vore så søvnig at det har gått utover skule eller fritid. Rundt 10 prosent svarar at dei har opplevd dette fem dagar eller meir. 31 prosent på ungdomstrinnet og 43 prosent av elevane på vidaregåande svarar at dei i gjennomsnitt søv seks timar eller mindre.

Energidrikk

Energidrikk har blitt ein vanleg del av kvardagen for mange ungdommar. Over halvparten av gutane og ein av tre jenter på ungdomsskolen drikk energidrikk kvar veke eller meir. Forbruket er størst blant gutar på 10. trinn. Kvar andre ungdom på ungdomstrinnet og vidaregåande skole drikk energidrikk med koffein kvar veke. Sidan 2017 har det vore eit høgare forbruk blant ungdom i Møre og Romsdal enn i landet, forbruket har auka gradvis over tid og skilnaden mellom fylket og landet er tydeleg. Frå 2017 til 2024 seier 14 prosent fleire på ungdomstrinnet at dei drikk energidrikk kvar veke, mot 10 prosent på vidaregåande skole.

Forrige tema:
Neste tema: