4. Sysselsetting og næringsliv

Jordbruk

Eksterne innsatsfaktorar i jordbruksproduksjon gjer oss sårbare

Jordbruket i Møre og Romsdal er basert på grovfôrproduksjon. Om lag 96 prosent av jordbruksarealet blir brukt til dyrking av gras til dyrefôr. Det er drøvtyggarar (storfe og småfe) som kan nyttiggjere seg av gras som fôr. Produksjon av mjølk og kjøtproduksjon på storfe og sau/lam kjenneteiknar jordbruket i fylket.

I ein meir usikker verdssituasjon er det grunn til å vurdere kor sårbar matproduksjonen vår er. Bonden er avhengig av innsatsfaktorar for å produsere mat, og av å få sendt det som blir produsert til vidare foredling. Viktige innsatsfaktorar er mellom anna kraftfôr, kunstgjødsel, maskiner, drivstoff og elektrisitet. Ein del av råvarene som blir brukt er ikkje norske, og ein stor del av desse blir transportert veldig langt. Produksjonen av dei kan også vere kontroversiell eller skje i land som ikkje er rekna som stabile handelspartnarar.

Ein del av fôret er basert på råvarer som ikkje er norske. Kor stor del av fôret som er norsk varierer frå dyreslag til dyreslag. Dess høgare del kraftfôr, dess lågare del norske råvarer. Råvarene brukt i kraftfôret har også endra seg over tid. Tidlegare var kraftfôr meir basert på korn (bygg), men hadde då eit lågare proteininnhald. Å gå tilbake til det er mogleg, men vil innebere lågare avdrått og tilvekst. Delen av norske råvarer i fôret varierer frå cirka 50 prosent for kylling, til oppunder 100 prosent for sau- og storfekjøtproduksjon. Ved ein eventuell forsyningssvikt vil drøvtyggarane (storfe og sau) vere minst sårbare.

Jordbruket er som samfunnet elles avhengig av generell infrastruktur. Tilgang på elektrisitet, vatn, drivstoff med vidare er heilt nødvendig. I aukande grad er jordbruket i fylket dessutan blitt avhengig av at det vi produserer må fraktast ut av fylket for foredling. Særleg merkbart er dette for slakteri. Det er tre slakteanlegg i fylket, men det store volumet av slaktedyr går til anlegg i Vestland eller Trøndelag. For eit par tiår sidan var det fleire slakteri av ein viss storleik. Stengte vegar eller ferjestrekningar kan såleis vere eit hinder for kjøtproduksjon.

Generelt gjer behovet for eksterne innsatsfaktorar oss meir sårbare. Tilgang på fosfor som råvare i kunstgjødsel er eit eksempel på dette.

Forrige tema:
Neste tema: